Rødt-bloggen

No må vanlege folk få støtte til energieffektivisering

Den mest miljøvenlege straumen er den vi ikkje bruker.

Foto: Pixabay.

Den mest miljøvenlege straumen er den vi ikkje bruker. Det er også den billegaste. Det som er best for miljøet, er altså det som også er best for lommeboka. Ironisk nok stiller dei som har dei største økonomiske musklane best for å kunne ta grep for å energieffektivisere kvardagen og dimed spare inn på straumbudsjettet. Dei av oss med middels til låg inntekt, eller som er fanga på leigemarknaden, får ikkje dei same moglegheitene.

Ein stor del av svaret på både straumkrisa, klimakrisa og naturkrisa er å bli energismarte. Å bruke mindre, ikkje fordi folk flest skal gå ned i levestandard, men fordi vi kan optimalisere resultatet av den krafta vi hentar ut. Vi har sett det i utviklinga av lyspærene, der dei gamle glødepærene for lengst er bytta ut med pærer som gir sterkare lys, har mangedobla levetida og sterkt redusert straumforbruk. Dei nye pærene har ein høgare prislapp i butikken, men forbrukaren får dette att ved lågare straumrekning og vi bruker mindre av verda sine ressursar på å få lys i stua. Dette er berre eit eksempel på korleis godt anvendt ny teknologi gjer det mogleg å bruke mindre straum til same resultat. Men det heldt ikkje å berre bytte ut lyspærene om vi skal nå klimamåla. Sterkare lut må til. Det er her energieffektivisering kjem inn.

Mange som skal gjere energieffektiviserande tiltak i heimen, melder om manglande eller redusert støtte på grunn av rigide reglar hos Enova. Dette kjem på toppen av at potten til støtte frå Enova er redusert, dei støtter færre tiltak og med lågre beløp. Ein stor del av problemet kjem frå den nye avtalen mellom Enova og KLD (Klima- og miljødepartementet) der energieffektivisering ikkje er eit eiga mål, og forbrukarsatsinga skal leggast om.

Dei siste åra har Enova sete att med store summar - betalt inn av fellesskapet - ved slutten av året, som eigentleg skulle ha vore betalt ut som støtte til hushald som tar grep for å minske energiforbruket sitt. System det er vanskeleg å manøvrere gjennom og pengar frå vårt fellesskap som ikkje blir brukt slik dei skal, er eit svik frå myndigheitene. Raudt krev at regjeringa no tar tak for å sikre at Enova delar ut støtta etter hensikta.

VIL EFFEKTIVISERE: Leiar i Miljø- og næringspolitisk utval i Raudt, Mailiss Åkerblom-Solheim. Foto: Ihne Pedersen.

Samstundes som folk flest slit med å gjere straumsparande tiltak i sin eigen heim, veit vi at straumprisen var lågare før politikarane i 1991 gav frå seg makta til marknaden. Politiske vedtak og manglande handlingskraft er altså årsaka til at mange i dag må velje mellom å betale straumrekninga eller ha mat på bordet.

Vi treng ei storstilt satsing på energieffektivisering i samfunnet, skal vi nå klimamåla og hindre unødig nedbygging av natur. Raudt har som mål å energieffektivisere tilsvarande 23 TWh innan 2040. Industri, offentlege bygg og nybygg må ta sin del av kaka. Her må regjeringa stille krav og sette eit mål om energieffektivisering i alle offentlege verksemder og stille krav om minst energiklasse A i alle nye offentlege leigekontraktar. Plan- og bygningslova må stille strenge krav til energibruk i bygg, slik at passivhus og nullenergihus er standarden i større byggjeprosjekt. I tillegg må nye kraftavtaler med kraftforedlande industri føresette ein forpliktande plan for energieffektivisering. Denne satsinga vil også sikre mange nye, grøne arbeidsplassar. Berre 13 TWh spart vil kunne gi 45 000 årsverk.

Men vi kjem altså ikkje utanom å sikre energieffektivisering også i hushalda. Difor lanserer Raudt ei tiltakspakke for å gjere det lettare for folk flest å gjennomføre tiltak:

  • Gratis energirådgjevar
  • Stille strengare krav til utleigar om ENØK-tiltak i leigebustad
  • Minst like mykje som forbrukarane betaler inn til Enova (i dag omlag 400 mill. kr.), skal gå attende til energisparing i private bustader.
  • Eiga støtteordning for energieffektivisering i burettslag og sameige: minst 100 mill
  • Eiga pott retta mot lavinntektsfamilier
  • Også inkludere såkalla marknadsinnførte tiltak som luft-til-vann-varmepumpe, skifte av vindauge, etterisolering osb.

Vi treng at miljøpolitikken er handlekraftig og rettferdig. Å gjera det mogleg for vanlege folk å bidra i det grøne skiftet, samstundes som ein sparer lommeboka, er nett det.

Uttalelse vedtatt av Rødts landsstyremøte 13. - 14. november 2021, ført i pennen av utvalgsleder Mailiss Solheim-Åkerblom.