Rødt-bloggen

Liv på planeten?

Evig vekst på ein klode med avgrensa ressursar funkar faktisk ikkje!

EVIG VEKST? Evig vekst på ein klode med avgrensa ressursar funkar faktisk ikkje, skriv Mailiss Solheim. Foto: Unsplash.

Har du fått med deg David Attenboroughs «Et liv på planeten»? Vi kjenner den 94 år gamle mannen frå TV-program der ein får inntrykk av at det er nesten endelaust med natur og dyreliv på jorda. Men sidan Attenborough vart fødd i 1926, har delen av vill natur gått ned frå 66 til 35 prosent, og store delar av dyrelivet er utrydda. Vi skulle ha endra korleis vi lever for fleire tiår sidan, men trøysten i dokumentaren er at vi fortsatt kan redde og reparere planten.

Norske myndigheiter framstiller landet vårt som eit føregangsland på miljø. Men sjølv om vi er verdsmeistre i panting, er vi ei sinke på klima og har eit av verda sine høgaste økologiske fotavtrykk per innbyggjar. Det ser kanskje flott ut med mange elbilar og kjeldesortering, og dette er sjølvsagt framskritt. Men politikarane gløymer ofte at mykje av norsk miljøpåkjenning faktisk finn stad utanfor våre eigne grenser. Der olja «vår» vert brend, og i land der varene vi forbrukar vert produsert.

Mange kan bidra meir! Til dømes ved å reise meir miljøvenleg, ete mindre kjøt, kjøpe mindre klær og gjenstandar og heller reparere og ombruke meir. Men bak oppmodinga til at «alle må gjere noko» skjuler det seg at dei rikaste i Noreg slepp ut tre gongar meir enn dei fattigaste. Ein miljøpolitikk som lønar folk i byane og straffer folk i distrikta eller med lite pengar, er lite rettferdig og i lengda vanskeleg å gjennomføre. Einsidige oppmodingar til å kjenne dårleg samvit og til at individet må gjere noko, kan skjule systemfaktorane; at vi alle er fanga i eit globalt system der det lønar seg å produsere søppel og skape kunstige behov. På 50 år har talet på menneske dobla seg på jorda, medan verdsøkonomien har firedobla seg, og den globale handelen har tidobla seg. Vi må ta eit oppgjer med den grenselause kapitalismen. Evig vekst på ein klode med avgrensa ressursar funkar faktisk ikkje!

Raudt har lenge vore klar på dette. Det siste halvåret har eg vore med på å lage framlegg til nytt arbeidsprogram – der vi fortsatt er systemkritiske, men enno tydelegare enn før på strakstiltaka. Vi ynskjer mellom anna høgare avgift på luksusforbruk for dei rike og reduksjon og regulering av den sterkt forureinande cruiseskiptrafikken. Vi vil kreve fullt skattefrådrag for arbeidsreiser med kollektivtransport, forbod mot gruveavfall i fjordar og vi meiner det er på tide å innføre seks-timars-dagen – slik at vi kan ta ut framtidig vekst i form av auka fritid, ikkje auka forbruk. Svære vegprosjekt som fergefri E39 som trugar norsk naturmangfald vil vi skrote. Vi vil derimot auka vern av natur og matjord og få på plass ein nasjonal plan for restaurering av natur. Vi vil satse på hurtigtog framfor privatbilisme og flytrafikk, og vi vil ha momsfritak på reparasjoner og lengre garantitid på varer. Og kanskje viktigast av alt – vi vil ha ei styrt utfasing av oljeindustrien, heller enn å satse på ei kræsjlanding. Staten må leie an i ein storstilt satsing på ny, grøn industri, og vi må lyfte norsk jordbruk, som i framtida må vere grunnlagd på norske ressursar og ikkje regnskogsoya.

Dette er nokre av tinga eg tenkjer på no, og som eg reknar med at landsmøtet vårt i mars vil vedta. Slik verda ser ut, treng vi ikkje meir symbolpolitikk, men radikale og gjennomførbare løysingar. Desse løysingane er Raudt klar til å sette i gang – vi er nemleg for fortsatt liv på planeten!

Publisert i Bergensavisen 19. oktober 2020.