Rødt-bloggen

Korleis kapitalismen bruker opp ressursane våre – gong på gong

Fellesferien er over for i år, og det er også verda sine ressursar. 29. juli var nemleg den dagen vi har brukt like mykje av naturen, som naturen sjølv skapar i løpet av eit år. Dagen blir kalla verdas overforbruksdag, og han kjem stadig tidlegare på året.

RESSURSER: Årets stortingsval må bli eit vendepunkt, skriv innleggsforfattaren. Foto: Unsplash.

Resten av året brukar vi av naturen sine reservar. Fortsett vi slik, vil også reservane gå tom. Og Noreg er blant dei verste i klassen. Vår overforbruksdag kom allereie 12. april. Med andre ord: Årets Stortingsval må bli eit vendepunkt!

Då eg og familien flytta inn i ny leilegheit for eit knapt år sidan, hadde tiåringen ei matteoppgåve der ho skulle telje skorne i husstanden. Heldigvis for meg, så hadde vi ikkje rukke å flytte heilt ut av alle eskene enno, og reknestykket blei 2+2+3. Sanninga er meir 2+2+30 og eit forfengeleg vitneprov på ei av vår tids største miljøversting.

Å lage nye klede, skor og andre tekstilar krev nemleg enorme mengder vatn, energi, kjemikaliar og legg beslag på store landområde som heller kunne blitt brukt som matjord. Denne industrien står for 8% av verda sine CO2-utslepp og 20% av verda sitt avfallsvatn. I tillegg kjem transport og ikkje minst spreiing av mikroplast ved vask av syntetiske klede.

Vi nordmenn er ein stor bidragsytar til statistikken. Kvar av oss kvitter seg i gjennomsnitt med 23 kg tekstilar kvart år, vi har dobla klesinnkjøpe på tretti år, og kvart femte plagg i garderoben blir aldri eller sjeldan brukt.

MAILISS SOLHEIM-ÅKERBLOM: Leiar for Raudt sitt miljø- og næringspolitiske utval. Foto: Ihne Pedersen.

Eg har nok både skor (og klede) eg ikkje bruker så ofte, men samlinga er erverva gjennom nærare femten år, og no når økonomien min er stabil er eg ein flittig brukar av den lokale skomakaren.

Her er ein sentral del av problemet – du skal ha ganske grei økonomi for å kunne velje reperasjon. Det er stort sett billegare å kjøpe nytt. Er det rart vi bruker opp verda sine ressursar lenge før året er omme?

Der vi nordmenn er kjipe på forbruk av klede, der er vi enno kjipare når det kjem til elektronikk. I 2019 kasta vi i gjennomsnitt 26 kg per person, noko som plasserer oss heilt på verdstoppen i bruk-og-kast av elektroniske produkt.

Også her er det ofte mykje billegare og lettare å kjøpe nytt enn å reparere, leverandørar kan operere med planlagd foreldelse på produkt, og vi lar oss nok påverke til å ynskje oss dei nyaste, finaste produkta når reklamebransjen konstant eksponerer oss for den siste nyvinninga.

Men kvifor snakkar eg slik om personlege forbruk? Meiner eg at einskildpersonar er løysinga på forbruksproblemet? Nei!

Det er systemet som er det verkelege problemet. Kapitalismen med sitt evige jag etter stadig vekst – på ein klode med avgrensa ressursar. Det er samfunnet som heilskap som har skapt dette bruk-og-kast-system der det er billegare og lettare å kjøpe nytt enn å reparere.

Kapitalismen er ein heilt avgjerande årsak til dei enorme miljøproblema verda står ovanfor. Ein natur som blir bygga ned, arter som forsvinn og ein temperaturauke som trugar verda slik vi kjenner ho. Dette skjer fordi vi menneske bruker over evne. Og vi bruker over evne, fordi kapitalkreftene lever etter ordtaket «mykje vil ha meir».

Til og med FNs naturpanel har slått fast dette som eit faktum ein ikkje kan stridast om.

Forbruk, ressursbruk og -sløsing handlar ikkje berre om klede, skor og ting, det handlar også om energien vi bruker, korleis vi forflytter oss i kvardagen og maten vi et. Reknestykket er så stort at det er lett å bli overvelda – men løysingane finst, om vi berre er villige til å tenkje utanfor den boksen vi er vande med.

Tida går kanskje lineært, men vi må gjere økonomien sirkulær. Kjøpe mindre, reparere meir og kanskje til og med dele på tinga våre. Dette er det vi politikarar som må sørge for at blir mogleg.

Difor går Raudt til val på å gjere det lettare å reparere ved å kutte moms på reparasjonar, auke garantitida, forby planlagd foreldelse og bidra til styrka fagutdanning innan reperasjon og ikkje minst utvide delemoglegheiter gjennom tingotek og liknande tilbod.

Vi vil redusere forbruk ved å redusere, ofte unaudsynt, emballasje, auke resikruleringsgraden og innføre pant på fleire produkt. Løysingane finst, men dei må bryte med kapitalismen sitt evige vekstimperativ.

Vi menneske, spesielt i den vestlege, rike delen av verda, bruker opp verda sine ressursar, raskare enn jordkloden klarer å reprodusere dei. Og då er det vårt ansvar, som samfunn, å finne ei løysing – og gjennomføre. Vi treng politiske leiarar som forstår alvoret, som bidrar til ein sirkulær økonomi og eit fornybart samfunn.

Først då blir det eit reelt val for folk flest, å delta i miljø- og klimadugnaden. Å resirkulere. Å køyre mindre bil. Å kaste mindre mat. For å nå dette samfunnet i tide, treng klima og naturen di stemme ved årets Stortingsval. Medan eg sender neste par med skor til skomakaren, vonar eg du vil vurdere å stemme Raudt.

Vi er det einaste partiet som verkeleg tar ei oppgjerd med kapitalismen - og det er einaste reelle løysing om vi verkeleg vil ta vare på jordkloden vår.

Publisert i VG mandag 9. august 2021