Rødt-bloggen

Ikkje i same båt

I møte med klimakrisa sit ikkje alle i same båt. Dei superrike har nemleg privatfly.

Foto: Juri G/Unsplash

Medan vanlege folk prøver å velje miljøvenleg i kvardagen, melder privatflyselskapa om auka trafikk, spesielt mellom Noreg og Sveits. Ikkje nok med at dei superrike troner ganske einsamt på utsleppstoppen, dei har også flytta frå landet for å sleppe å betale skatt.

Dei superrike i Noreg slepp ut over 15 gongar meir CO2 per år, enn det vanlege folk gjer. Ein enkelt, gjennomsnittleg privatflytur i Europa slepp ut 5,9 tonn CO2. Det er meir enn ein enkeltperson blant den halvdelen av befolkninga i Noreg med lågast inntekt gjer ila. eit heilt år.

Også Bergen bidrar til utsleppa frå privatfly. I fjor blei det registrert om lag 2500 flygingar kategorisert som «General Aviation», i all hovudsak privatfly.

LOKALPOLITIKERE: Sunniva Andresdottir er 4. kandidat og Mailiss Solheim-Åkerblom er 1. kandidat for Rødt Bergen. Foto: Henrik Madsen/Per Arne Flatberg.

Med dei superrike sitt luksusforbruk finst det ikkje berre stort kuttpotensial, men også moglegheit til å kome i gang med rettferdig miljøpolitikk. Å ta kampen mot luksusforbruket styrkar miljøkampen.

Rødt har lagt fram ein eigen plan for korleis vi fram mot 2030 kan kutte utslepp tilsvarande 73 prosent samanlikna med 1990-nivå. Der går vi sjølvsagt inn for å forby luksusforbruk som privatfly. I vil også innføre progressive avgifter på store yachtar, i tillegg til flyreiser der det finst alternativ, og innføre ein ekstraskatt for dei som tener over 1,5 millionar årleg. Slik får vi rettferdig klimakutt og omfordeling samstundes.

Folk flest har ikkje privatfly, men vi har moglegheit til å bruke valdagen til å stemme fram ein ny kurs, både i Bergen og resten av landet.

Skrevet av Mailiss Solheim-Åkerblom (1. kandidat for Rødt Bergen) og Sunniva Andresdottir (4. kandidat for Rødt Bergen)

Publisert i Klassekampen mandag 14. august 2023