Rødt-bloggen

Frå takknemlegheit til grådigheit

La oss starte med ein medviten julehandel, og ikkje la oss lure til å gå på ein økonomisk smell i Black Friday-hysteriet. Det er tross alt viktigare å vere takksam enn grådig, skriver Mailiss Solheim, utvalgssekretær i miljø- og næringspolitisk utvalg i Rødt.

GJENBRUK: I Raudt sitt alternative statsbudsjett for 2020 har vi lagt inn 500 millionar kroner i kutt på mva på reperasjonar. Foto: Pixabay.

I amerikansk tradisjon er siste torsdag i november duka for kalkun og takknemlegheit. Eit avbrekk frå kvardagens mas og kjas, for å bruke tid med familie og kjære, og dele tankar om kva ein er takksam for i året som har gått. Så langt, så vel. Men i det torsdag blir til fredag, startar ein regelrett svart tradisjon. Black Friday er den beste omsetningsdagen i året. Historia seier at det var denne dagen butikkane gjekk frå raude til svarte tal (altså frå tap til vinning i sine rekneskap), og at det ofte handla om at det var no julehandelen for alvor starta. Om det er det riktige opphavet til namnet på denne kapitalismens heilagdag, er uvisst. Men at lommebøker, kortterminalar og forbrukslån går varme, det er det ingen tvil om.

Dei siste åra har denne trenden funnet sitt fotfeste i heimlege trakter også. Både digitale og fysiske postkasser fyllast opp med lovnader om spottpris og årets beste kjøp. Butikkane sikrar seg gigakvanta på varene dei klarer å presse prisen mest ned på. Potensielle kundar druknar i havet av tilbod, og det er vanskeleg å navigere seg til det som faktisk er gode tilbod, på varer du faktisk treng. For problemet i seg sjølv er ikkje at butikkar sel billege varer (joda, billege varer kan også vere eit teikn på uetisk produksjonsrekke). Problemet er at slike sal bygger opp under alt ved det kapitalistiske systemet vi lever i som er med på å ta livet av jorda vi lever på og av.

Mayliss Solheim er utvalgssekretær for miljø- og næringspolitisk utvalg i Rødt. Foto: Erica Restoften.

At kapitalismen har ei sentral rolle i dei klima- og miljøproblema vi står ovanfor i dag, er ingen løyndom for den politiske venstresida. Det byrjar også å gå opp for ein større del av befolkninga, spesielt etter FNs naturpanel sin rapport frå mai i år, der dei slår fast nett dette – at den økonomiske veksten og det auka forbruket er dei sentrale drivkreftene bak både global oppvarming og masseutrydding av artar. Verdas overforbruksdag kom så tidleg som 29.juli i år. Det er den dagen vi har brukt opp naturressursane for det året vi er i, når ein reknar ut det totale menneskelege konsumet opp mot jorda sin kapasitet til å oppattrette fornybare naturressursar same år. Om alle hadde brukt like mykje som oss i Noreg, ville dagen ha kome allereie i april. Det burde ringe ei lita alarmklokke. Istadenfor googlar vi Black Friday og lager lister over alt vi har lyst på. Det vi ikkje får kjøpt sjølv, blir inkludert på ynskjelista til jul. For når november har blitt til desember, så får ikkje overforbruket ein pause, tvert om. Det er enno fleire som er ute på handletur pga. jul. Ikkje berre driv dette rovdrift på naturressursane våre, men jula er også ei tid som reproduserer klasseskilnadene og den aukande ulikskapen vi ser i samfunnet. Dette er alt anna enn ein vinn-vinn-situasjon.

Adventstida og juletida er jo eigentleg ikkje meint for å vere eit einaste stort kjøpepress. Men tidsklemma tar den beste av oss, med utallige juleavslutningar, julekonsertar, matlaging, pakkepakking og planlegging av alt det koselege familien skal gjere når det endeleg blir fri. Jovisst er det både lov og fint å gi gåver til sine nære, problemet er kvanta – ofte framfor kvalitet, og at jula liknar meir Black Friday enn hausttakkefesten. Det er ikkje din feil. Det er ikkje forbrukaren sin feil. Men systemet. Kapitalismen er eit system som krev stadig vekst. Men korkje menneske eller naturen toler dette. Ei verd med avgrensa ressursar, toler ikkje eit system som skal ha evig vekst. Når produkt blir laga for å bli skifta ut etter kort tid, og reperasjonar kostar meir enn nye produkt, så er det ikkje så lett å vere ein medviten forbrukar som alltid tar det mest miljøvenlege valet.

I Raudt sitt alternative statsbudsjett for 2020 har vi lagt inn 500 millionar kroner i kutt på mva på reperasjonar. Då kan det faktisk vere mogleg å velje reperasjon framfor nykjøp. Vi har også satt av 100 millionar i statleg støtte til kommunar som får auka utgifter når dei vektlegg miljø framfor pris ved innkjøp og anbod. Det er mogleg å ta eit standpunkt mot kapitalismen, både som samfunn og privatperson. Dei aukande forskjellane treng det, og jordkloden vår treng det. La oss starte med ein medviten julehandel, og ikkje la oss lure til å gå på ein økonomisk smell i Black Friday-hysteriet. Det er tross alt viktigare å vere takksam enn grådig.