Eg sa ingenting for eg var ikkje muslim
Sian oppfordrar i 2020 til hat mot muslimar. Vil du i dag reagere slik at du om ti eller 20 år må seie som Niemøller: «Eg sa ingenting for eg var ikkje muslim.»
«Dere må vise islams tilhengere hvem som eier Norge. De må skytes. Deporteres.» Og så til politiet: «Nei, men, så se til helvete og skyt svina da!» Dette er sitat frå Sian-appellant Fanny Bråten i Bergen. Ho og Sian skyt ikkje. Dei berre oppfordrar.
Aksjonsgruppa Sian (Stopp islamiseringen av Norge) er aktive i Norge. Liknande grupperingar opererer lenger sør i Europa. Kanskje tida no er inne for å vurdere Sian sitt islam-hat opp mot historiske erfaringer med brun antisemittisme og hatsk agitasjon mot alle jødar? Den vesle klikken i Sian har stilt opp i bustadområde der det bur mange muslimar. Ikkje-muslimske naboar har fått hat-oppfordringane frå kraftige lydanlegg.
AKTIVIST: Erling Folkvord er tidligere stortingsrepresentant og medlem av Rødt Oslo. Foto: Rødt Nytt.
Europa har ei stygg historie med jødehat. Nazistane i Tyskland utvikla hat-agitasjonen til ruteknusing, hærverk, brannstifting og overfall. Og til slutt massedrap. Jødehat og antisemittisme lever framleis i små miljø.
Tenk deg at nokre av dei som hatar jødar, lagar ei aksjonsgruppe. Tenk deg at gruppa startar Sian-liknande aksjonar. Tenk deg at dei veljer ut mål med symbolverdi for jødar, slik som synagogane i Trondheim og Oslo. Tenk deg at dei veljer ut bustadområde der det bur jødar. Tenk deg at dei stiller opp med «Sian-appellar» der: «Dere må vise Toraens tilhengere hvem som eier Norge. De må skytes. Deporteres.»
Toraen er første del av dei hellige skriftene i den jødiske religionen. Tenk deg at ein appellant riv Toraen i filler og spyttar på den sundrivne boka, slik Fanny Bråten gjorde med Koranen 30. august.
Den tyske presten Martin Niemøller sa det slik, etter sju år i konsentrasjonsleiren Dachau:
Først tok de jødene, og jeg sa ingenting for jeg var ikke jøde.
Så tok de kommunistene, og jeg sa ingenting fordi jeg ikke var kommunist.
Så tok de fagforeningsfolkene, og jeg sa ingenting fordi jeg ikke var medlem av noen fagforening.
Og så tok de meg, og da var det ingen igjen som kunne si noe.
Sian oppfordrar i 2020 til hat mot muslimar. Vil du i dag reagere slik at du om ti eller 20 år må seie som Niemøller: «Eg sa ingenting for eg var ikkje muslim.»
Publisert i Klassekampen 4. september 2020