Rødt-bloggen

Byrådet i Bergen sin cruisepolitikk har grunnstøytt

Det einaste som gir mindre belastning, er færre skip, skriv Mailiss Solheim-Åkerblom.

Foto: Daniele D'Andreti

Visste du at cruiseturismen har størst klimagassutslepp og legg att minst pengar av all turisme i heile Noreg? Å tilsynelatande frede denne næringa står fram difor veldig merkeleg. Medan verda skrik etter klimahandling, slår Bergen to cruiserekordar på tre veker.

Her er det noko som skurrar.

At Bergen no tillét fleire cruiseanløp, står i skarp kontrast til bystyret sitt vedtak, etter forslag frå Raudt, frå januar 2020.

Når byrådet sjølve føreslår tiltak, meiner dei at tiltaka vil dra næringa i grøn retning. Når andre parti føreslår regulering, blir det avvist som umogeleg fordi det vil gjere at skipa heller søker seg til andre hamnar.

3. juni skreiv Linn Engø, gruppeleiar for Ap, om tre grunnar til at bystyrets cruisevedtak er bra for klima og miljø. Desse er det heldigvis frykteleg lett å avvise.

Passasjertalet er ikkje naudsynt som einaste målestokk for kor store cruiseskipa er. Cruiseskip for pensjonistane er større for å gi meir rom og luksus, medan skip for barnefamiliar kanskje har små lugarar for å presse flest mogeleg inn, men til gjengjeld har dei vass-sklier på dekk.

Med mindre vi set ei regulering på kor store skip som får legge til i hamna, bidrar altså ikkje auka tal på anløp til noko anna enn at vi tillét meir cruisetrafikk. Det einaste som gir mindre belastning, er færre skip!

Å følgje krava som blir stilt for cruisetrafikk i verdsarvfjordane er for så vidt riktig. Men det bidrar ikkje til noko ny regulering av næringa. Å kalle dette ein miljøsiger blir altfor tamt.

Krav om landstraum er kanskje det beste eksempelet på at bystyret i Bergen, med byrådet i front, no er på veg til å grønvaske heile cruisenæringa. Å tru at landstraum kan gjere cruisetrafikken miljøvenleg, er ingenting anna enn ein utopi. Det er viktig å redusere luftforureininga lokalt, men dei største utsleppa skjer mellom hamnene.

Gruppeleder for Rødt i Bergen: Mailiss Solheim-Åkerblom. Foto: Erica Restoften.

Bakgrunnen for det nylege vedtaket i bystyret, var ei evaluering av cruisenæringa. Den blei gjennomført av Bergen Hamn. Hamna har nok andre prioriteringar enn byrådet.

Raudt spør seg difor om det er politikarane som bestemmer i Bergen, eller om næringa er i ferd med å ta over førarsetet? Enno meir skeptisk blir vi når finansbyråden kan stå på bystyrets talarstol og fortelje at Bergen Hamn har trossa politisk vedteke reglar og tillate fleire anløp enn det som då var lovleg.

Det verkar altså som at byrådet gir etter for hamna sitt press, heller enn å følgje bystyrets vedtak. Er det slik, så er Raudt redd for at det ikkje tar lang tid før reglane blir endra enno ein gong, i favør auke i både anløp og turistar.

Byrådets cruisepolitikk har grunnstøytt. Det er på tide å slutte å grønvaske og starte å vise handlekraft!

Publisert i BT 21. juni 2022