Program


Program for Raudt Bjørnafjorden

2023 - 2027

Raudt meiner at ei anna verd er mogleg og naudsynt. Ei verd der vi tek vare på kvarandre og der menneska og naturen sine interesser går foran interessene til dei som har mykje frå før.

I heile verda, også i Bjørnafjorden, ser vi at forskjellene auker dag for dag. Forskjellene mellom dei som har mykje og dei som har lite. Mens dei rike auker pengebingen sin kvar dag, betalast rekninga av vanlege folk som slit med å setje mat på bordet til ungane sine. Raudt ønsker utjamning. Raudt ønsker at alle skal ha høve til å leve gode liv for seg og sine. Difor er kampen mot forskjells-Noreg den aller viktigaste for Raudt i Bjørnafjorden.

1. Folkestyre og demokrati

Sjølv om Noreg er eit land med godt utvikla demokrati, kan det fortsatt vere betre. Eit av dei grunnleggjande problema med styringsformen er at løyvingar til kommunane ikkje er sett ut frå dei faktiske behova, men stadig vert utsett for ostehøvelkutt. Kommunane vert pålagd å ta i bruk anbudsregime med kommersielle aktørar der det ikkje lenger handlar om korleis ein skal få dei beste tenestene til innbyggjarane, men om kven som kan presse arbeidarane sine mest og putte sugerøret mest mogleg ned i kommunekassa. Dette er kobla med ein kvardag der dei offentlege beslutningane skjer stadig lengre får innbyggjarane.

Raudt Bjørnafjorden vil arbeide for:

  • Å hindre all privatisering av kommunale velferdstenester
  • Eit ope og inkluderande lokaldemokrati for alle i Bjørnafjorden.
  • Deltakande budsjettering der lokale ønskjer blir satt først (må ut på høyring).

2. Skule og utdanning

Å gje eit godt skuletilbod som gjev nye generasjonar av folk i Bjørnafjorden eit godt grunnlag for liva sine, er ei viktig oppgåve for kommunen. Raudt meiner borna sine interesser er det viktigaste på skulen, og at lærarane, som er nært på elevane, er dei som veit best kor skoen trykker. Dagens skule sørger for at klasseskillene går i arv. Raudt meiner alle skal ha like store sjanser til å lykkast på skulen. Det gjerast gjennom å gje lærarane tid til elevane, ved å sørge for at alle får mat og frukt og at skulen vert leksefri.

Raudt Bjørnafjorden vil arbeide for:

  • Å bevare grendaskulane.
  • Gratis varm mat og frukt på skulen, kvar dag.
  • Miljøterapeutar og psykisk helsearbeidarar på alle skular i Bjørnafjorden.
  • Auka budsjett til lærebøker og hjelpemidler i skulane.
  • Å etablera betre opplæring til bruk av digitale hjelpemidlar, for elevar og lærarar.
  • At lærarar må få meir tid til elevar.
  • Ein skule som kjempar mot diskriminering både hos elevar og lærarar.
  • Gratis leksehjelp og på sikt leksefri skule
  • Gratis SFO for alle trinn, 1.-4. klasse.

3. Barnehage

Barnehagane er første del av utdanninga og bør vere eit gratis og universelt velferdstilbod. Vi meiner at alle pengane som vert sett av til drift av barnehage i sin heilskap skal nyttast til barna sitt beste framfor å ende opp som profitt. Barnehager i Bjørnafjorden bør difor drivast av aktørar som berre vil ein ting: Å ha gode barnehager.

For å sikra best mogleg demokratisk kontroll over barnehagane, vil vi og arbeide for ein størst mogleg grad kommunale barnehagar. Raudt ønsker ideelle barnehagar velkomen, men ønsker å få kommersielle aktørar ut av barnehagedrifta i kommunen vår.

Raudt Bjørnafjorden vil arbeide for:

  • Å gradvis redusere pris i barnehagen, fram til ein gratis barnehage for alle.
  • Ingen nye kommersielle barnehagar i Bjørnafjorden.
  • At kommunen kjøper tilbake private barnehagar til kommunal drift.
  • Å auke budsjettet til utvikling av pedagogikk i barnehagen.
  • Gratis, varm mat i alle barnehagar, utan auka foreldrebetaling.
  • Auka budsjett til betre bemanning.

4. Velferd

Dei kommunale velferdstenestene er viktige sikkerheitsnett dei fleste av oss treng på eit tidspunkt i livet. Folk som treng hjelp frå kommunen skal vere sikra det, med best mogleg kvalitet. Raudt ønsker at desse tenestene skal drivast av kommunen.

Folk som er avhengige av kommunal hjelp skal vere sikra gode liv. Difor må og sosialhjelpssatsane i Bjørnafjorden vere slik at folk som treng sosialhjelp ikkje dett under fattigdomsgrensa.

Raudt Bjørnafjorden vil arbeide for:

  • Ingen kommersielle aktørar i kommunal eldrepleie.
  • Gode kjøkken med sunn og god mat på alle eldreheimar i kommunen.
  • Verdige og gode heimebaserte tenester framleis styrt av kommunen.
  • Sikre nok ressursar til alle helsetenester i Bjørnafjorden.
  • Auke sosialhjelpa i kommunen.
  • Å ha nok kommunale bustader, og sjå til at dei er i god stand.
  • Skjerme aleinebuande med låge inntekter for videre auke i kommunale avgifter.
  • Å styrka barnevernet.
  • Auka tilgang til psykisk helsevern i kommunen.

5. Transport

I transportsektoren løyvast mykje pengar til store motorvegprosjekt som Hordfast, medan dei viktigaste prosjekta i kollektivtransporten, fergetilbodet og skulevegane vert sett til side. Raudt ønsker ei storsatsing på kollektivtransport slik at alle skal kunne leve liva sine uten å vere avhengig av bil. På Vestlandet er det naturleg å tenke på sjøvegen som ein god måte å reise på. Vi ser og at i aukande grad vert nytta til å finansiera vegutbygging. Raudt meiner bompengar er ein usosial måte å finansiera samferdsla på, og meiner både veg- og kollektivutbygging skal finansierast av staten gjennom skattesetelen.

Raudt Bjørnafjorden vil arbeide for:

  • Gratis kollektivtransport.
  • Eit betre busstilbod i heile Bjørnafjorden.
  • Hyppigare fergetilbod mellom Hatvik og Venjaneset.
  • Nei til HordFast.
  • Nei til alle bompengar i Bjørnafjorden.
  • Å trygga alle skulevegane i kommunen.
  • Opprette fleire miljøvenlege snøggbåtsamband mellom Osøyro, Fusa, Tysnes og Austevoll.

6. Miljø og landbruk

Verda står midt i ei klima- og naturmangfaldskrise. Då kan vi ikkje fortsette med å byggje ned natur og basere liva våre på energiformer som øydelegg jorda. Vi meiner vi og i Bjørnafjorden må ta eit større ansvar for å sikre framtida vår. Krigen i Ukraina har og vist oss kor sårbare vi alle er. Noreg er og heilt avhengig av å dyrke mat og ta i bruk landbruket vårt. Vi må ta vare på dyrkbar jord og syte for at den vert brukt til matproduksjon, ikkje til nye asfaltplassar.

Raudt Bjørnafjorden vil arbeide for:

  • Auka kommunal støtte til energisparande tiltak, og bruk av solfangarar og varmepumper.
  • Å bevare matjord og miljøansvarleg planlegging av utbygging. Miljø og klimahensyn skal kome i første rekke i arealplanlegging og utbygging.
  • Å forholde seg til lover og reguleringsplaner for strandsoner og Oselvo.
  • Å fjerne gummigranulater fra fotballbaner.
  • Bevare naturmangfoldet i tråd med med Sabimas retningslinjer.
  • Å gjera Os sentrum bilfri.
  • Lukka oppdrettsanlegg på land.

7. Kultur

Kultur er viktig for å skape gode liv. Diverre er mange kulturopplevingar forbeholdt dei få som har råd til det eller er utan funksjonshemmingar. Raudt ønsker kultur tilgjengeleg for alle, uavhengig av økonomi eller funksjonsevne. Vi vil bidra til eit rikare kulturliv i Bjørnafjorden som vil gje oss alle rikare liv.

Raudt Bjørnafjorden vil arbeide for:

  • Eit styrka kulturinitiativ frå kommunen, som byggjer nedanfrå og opp.
  • Auka støtte til friståande kunstnarar og kulturengasjerte.
  • At alle kulturarrangement i kommunen skal være rimelege, og tilgjengelege for alle (til dømes rullestolbrukarar og syns- og hørselhemma).
  • At ungdommar skal ha gode lokale for organisasjonar og for å møtast på fritida.
  • Å bevare Fjellheim.
  • At kommunen støttar idrett og lokallag med gode lokaler i nærmiljøet.
  • Fritidskort for alle barn og ungdom opp til 18 år.
  • Lage ein heilskapleg kulturplan.
  • Samarbeide med fylket om å laga eit felles magasin og arkivsystem for kulturminne.
  • Arbeide saman med fylket for å auka løyvingane til Oselvarverkstaden.

8. Solidaritet og inkludering

Skillelinjene i samfunnet går ikkje berre på økonomi. Kjønn, seksuell legning og opphav speler og ein stor rolle i kva moglegheiter kvart enkelt menneske har. I Bjørnafjorden skal alle vere respektert for den dei er. Bjørnafjorden kan og må også vere ein pådrivar for frihet og rettferd i andre deler av verda.

Raudt Bjørnafjorden vil arbeide for:

  • Auka representasjon og inkludering for kvinner og ikkje-binære personar i lokaldemokratiet.
  • Auka støtte og solidaritet til LHBT+ personar og -organisasjonar i Bjørnafjorden, og heise regnbogeflagg frå kommunale flaggstenger i heile juni månad (Pride-månaden).
  • At vårt samfunn skal vere inkluderande og solidarisk til innvandrarar og flyktningar i vår kommune.
  • At Bjørnafjorden viser solidaritet med frigjeringsrøyrsla i Palestina, og andre demokratiske og sosialistiske frigjeringsrøyrsler i verda.

9. Arbeidslivet

Arbeidslivet er viktig for dei fleste av oss. Arbeidslivet vert brutalisert i stadig større grad, med deltidsstillingar, kommersielle vikarbyrå og utrygge arbeidsforhold for mange. Raudt meiner kommunen skal gå foran i å skape gode og trygge arbeidsforhold for kommunalt ansatte, og å stille krav til dei bedriftane ein kjøper tenester hos eller som skal ha løyver frå kommunen.

Raudt Bjørnafjorden vil arbeide for:

  • At faste og heile stillingar er normen i kommunen.
  • Å utvida den kommunale bemanningssentralen til å gjelde arbeidarar i barnehagar og skule.
  • Å bruke innkjøpsmakta til kommunen slik at bedrifter med tariffavtale vert gjeve forrang ved kommunale innkjøp.
  • At ved skjenkeløyve skal Bjørnafjorden kommune stille krav om tariffvilkår.

10. Skatt

Skatt er utjaming av forskjeller. Ingen plassar er forskjellane større enn mellom dei som eig og dei som leigar. Eigedomsskatten er det framste middelet kommunen har til å utjamna dette og til å skaffe eigne inntektar. Raudt meiner det er på tide å innføre eigedomsskatt, men med eit botnfrådrag som skjermar vanlege bustader.

Raudt Bjørnafjorden vil arbeide for:

  • Å innføre eigedomsskatt, med høgt botnfrådrag.