Program
Valgprogram for Raudt Alver 2023 - 2027
Solidaritet og samfunn
Alver skal vera ein god kommune å leva i for alle, uansett kjønn, seksuell orientering, alder, nasjonalitet, hudfarge eller religion.
Framtidig utvikling av kommunen må skje på ein sosial, klimanøytral og berekraftig måte.
Raudt Alver vil stå i spissen for at den lokale politikken vert forma så nært innbyggjarane i Alver som mogeleg. Vi må slutta å kommersialisera offentlege tenester og ta attende det som allereie er organisert utanfor kommunen. EØS-avtalen må ikkje hindra eller avgrensa våre politiske vedtak.
Kommunen sjølv må stå for velferdstilboda til kommunen.
Raudt Alver vil:
- Sikra like løns- og arbeidsvilkår for kvinner og menn, i samarbeid med fagforeiningane
- At minst 50% av alle utval skal ha kvinneleg leiar, dei andre skal ha kvinneleg nestleiar
- At Alver klagar inn kjønnsdiskriminerande reklame til Forbrukarombodet
- At seksualundervisninga i skulen legg særleg vekt på grensesetjing og førebyggjing av trakassering og valdtekt/overgrep. Undervisninga må ta for seg kjønns- og seksualitetsmangfald
- At Alver støttar alle haldningsskapande kampanjar som medverkar til toleranse og samhald
- At Alver i større grad tar i bruk det tredje året i det 3-årige introduksjonsprogrammet for asylsøkjarar og flyktningar. Me må ha språkopplæring i arbeidslivet, gjennom tilrettelagte arbeidsplassar og opplæringsbedrifter, samt ambulerande norsklærarar
Helse og velferd
Raudt Alver vil kjempa mot sosiale forskjellar, og sjå på kampen mot forskjells-Norge som den aller viktigaste.
Tilhøva for dei tilsette og tilbodet til dei pleietrengjande heng tett saman. Det viktigaste grepet for å betra helse- og pleietilbodet er å auke grunnbemanninga og personalstabiliteten, nokosom gjev brukarane ei trygg og personleg oppfølging.
Raudt Alver meiner velferd for funksjonshemma, born, eldre og uføre skal vera eit offentleg ansvar. Me meiner at det offentlege skal ha eit fullgodt tilbod til dei som treng det, det gjeld tilrettelagt bustad, naudsynt hjelp for den enkelte og til å dekka avlastingsbehov i familien.
Raudt Alver vil:
- Eldre og pleietrengjande, også demente, skal ha eit godt tilbod om tilrettelagt bustad og/eller sjukeheimsplass i nærmiljøet og i alle livsfasar. Raudt Alver vil halda på desentraliserte kommunale sjukeheimar.
- Satsane for sosialhjelp skal minst ligga på det Forbruksforsknings¬instituttet SIFO (Referansebudsjettet)ser som naudsynt for å sikra eit rimelig livsopphald.
- Barnetrygd, bustønad og krisehjelp som til dømes stønad til å dekkja høge straumrekningar, skal ikkje reknast som inntekt når offentleg økonomisk støtte skal vurderast.
- Utvida det kommunale jordmortilbodet.
- Sørgja for auka løyvingar til helsestasjonane og helsesjukepleietenesta i kommunen, og til barnevernet.
- Arbeida saman med fylket om gratis tannhelsetilbod til alle.
Skule og barnehage
Raudt Alver meiner at innbyggjarane sine skattepengar som går til skule og barnehage skal koma barna til gode. Alle skulane og barnehagane i kommunen skal difor vera kommunale eller ideelle.
Raudt Alver vil
- Arbeida for gratis barnehage og SFO
- Oppretta fleire kommunale læreplassar i mellom anna innan helse og i barne- og ungdomsarbeiderfaget
- Innføra gratis skulemat i heile grunnskulen
- Oppretthalda ein distriktsvenleg skulestruktur med trygge skulevegar
- Auka løyvingar til læremiddel og utstyr i skulen, og ha større fokus på praktiske tema innanfor alle faga
- Oppretthalda og styrka nynorsk som kommunen si målform. Lærarar må få dekka etterutdanning i nynorsk
- Utvikla lokalt tilbod om høgare utdanning i samband med Nordhordland Biosfæreområde
- Styrka helsesjukepleieordninga på alle skuar og barnehagar
- Styrka tilbodet til flyktningar og framandspråklege elevar
- Arbeida for betre psykososiale forhold på skulane og i barnehagane, og styrka arbeidet for auka trivselen, for å hindra einsemd og utanforskap.
- Arbeida for ein leksefri skule, med lengre skuledag
Barn og ungdom
Barn og ungdom er ein ressurs i samfunnet og i kommunen vår. Dei må få høve til å utvikla sine talent innan idrett og kultur. Å satsa på ein raus og inkluderande ungdomskultur vil skapa tilhøyrighet, trygghet og identitet. Raudt Alver vil at kultur og idrett skal vera rimeleg og helst gratis, slik at alle – utan omsyn til foreldra si inntekt – får nytta tilboda.
Raudt Alver vil
- Styrka kulturskuletilboda, kulturelle aktivitetar og idrettsaktivitetar for alle
- Behalda ungdomskoordinatorane i dei tre opphavlege kommunane
- Få fleire sjølvstyrte fritidsklubbar, og ta i bruk og rusta opp ungdomshusai kommunen
- Senka stemmerettsalderen til 16 år
Naturressursar
Bruken av naturressursar i Alver må koma til gode for innbyggjarane og skje på ein fornuftig og rettferdig måte. Dette skal skje i ein kombinasjon av auka kunnskap om lokale ressursar og vidareutvikling av eksisterande bruk. Kunnskap frå Biosfæresatsinga må spreiast.
Raudt har eit mål om god levestandard og gode velferdstilbod for alle. Me må ha ein økonomi der produksjon og konsum skjer med omsyn til menneske og natur, og ikkje til ei handfull multinasjonale selskap sin profitt. Oljealderen er på hell, naturen si tolegrense er nådd, og me treng ein ny kurs.
Me må ta til oss FN sine berekraftsmål som ser miljø, økonomi og sosial utvikling isamanheng.
Fiskeoppdrett
Raudt Alver meiner at lokalt næringsliv må basera seg på det lokale ressursgrunnlaget, og er difor mot nye oppdrettsanlegg i fjordane våre. Dagens anlegg må leggjast om til lukka anlegg, og nye konsesjonar for fiskeoppdrett skal berre tildelast for lukka anlegg.
Elektrisk kraft
- Raudt Alver er i mot vindmølleparkar, både regionalt og lokalt. Dette gjeld både i naturområde og i næringsområde.
- Me vil prioritera noverande kraftverk og straumlinjer framfor nye etableringar
- Småkraftvek må ha lokale eigarar
- Me vil tilretteleggja for alternative energikjelder, som solcelleanlegg,jordvarme og varmeveksling sjø/vatn
Ureining
- Alver Raudt krev at kvikksølvet i ubåten U-864 må verta teke på land og sikra
- Eldre bossdeponi må sikrast
- Me støttar all rydding av avfall langs kysten
Landbruk
- Raudt Alver vil ha auka fokus på produksjon av lokal mat, og vil at kommunen skal leggja til rette for omsetningsstader for slike produkt
- Me vil ha auka fokus på åkerbruk og vil sikra landbruksjord og areal
- Skogbruk må drivast med omsyn til naturtilhøve, og fjerning av sitkagran og andre svartelista arter må halda fram
Arbeidsliv
Raudt Alver meiner at kommunen som arbeidskjøpar må gå føre som eit godt døme. Me ønskjer at Alver skal vera ein mangfaldig arbeidsplass.
Raudt Alver vil at Alver kommune skal vera ein heiltidskommune. For å unngå at det vert fleire uføre og fleire med psykiske lidingar må kommunen vera ein aktiv pådrivar for eit rausare og meir inkluderande arbeidsliv.
Raudt Alver skal arbeida for at kommunen som arbeidskjøpar skal
- Ha eit kritisk og avgrensa bruk av konsulenttenester og prosjektstillingar
- Heva kommunen sin eigen fagkompetanse på alle område
- Ha eit aktivt samarbeid om NAV sin modell for individuell jobbstøtte
- Innføra forsøksordning med 30-timars arbeidsveke, i første omgang for tilsette i helsesektoren og innan reinhald
- Ha fleire tilsette og betre løns- og arbeidsvilkår i pleie-og omsorgssektoren
- Leggja til rette for langt sterkare påverknad frå grasrota i kommunen, det vil seia frå dei tilsette og dei fagleg tillitsvalde i spørsmål som vedkjem arbeidstilhøva i kommunen
Raudt Alver skal arbeida for at kommunen som innkjøpar skal
- Sørgja for at firma som kommunen kjøper tenester frå, er lokale firma med tariffavtale og har aktive klubbar
- Stilla krav til firma om lærlingeplassar i tilbodsrundar for større byggesaker
- Stoppa bruk av bemanningsbyrå
- Samarbeida tett med fagrørsla rundt tiltak mot sosial dumping
- Ved anbud og nye leverandørar stilla krav til og vidareføra framforhandla særavtalar
Arbeid, næring og industri
Raudt Alver vil arbeida for ein klimanøytral industri ved at fleire industriarbeidsplassar vert ført over til utvikling av ny teknologi og fornuftig grøn industri. Dette må skje etter ein langsiktig plan der me brukar mellom anna Biosfæreforskning sin kunnskap til å byggja opp nye attraktive arbeidsplassar i kommunen vår.
Raudt Alver skal arbeida for
- Å utvikla grøne arbeidsplassar gjennom å vera ein aktiv eigar
- Sikra at inntekter frå eigedomsskatt på næringseigedommar vert nytta til investering i industriutvikling og miljøvenleg teknologi
- At omlegginga av norsk industri ikkje skal føra til tapte arbeidsplassar
- Eigedomsskatt også på areal på land og i sjø knytt til oppdrett av fisk
- Auka vidareforedling av produkt der råvarene er – kortreist
- At Alver kommune skal bruka biosfæreprosjektet som eit springbrett for framtidig næringsutvikling
- Å ha ein kommunal eigedomsskatt som gjev kommunen eit større handlingsrom til å ha omfordelande tiltak i kommunen
Areal og bustad
Raudt Alver meiner at Alver kommune må ha eit bustadtilbod høveleg for innbyggjarane sine ulike livsfasar og behov. Bustad er i ferd med å verta den fremste eksponenten for ulikskap i samfunnet.
Me må hindra at matjord forsvinn.
Raudt Alver vil
- Ha ei storstilt, kommunal utbygging av leigebustader. Desse skal leigast ut til ei rimeleg og politisk styrt leige
- Kommunen skal ikkje tene pengar på utleige, men leiga ut til kostpris
- At kommunen skal nytta forkjøpsretten i nye burettslag, for å etablera nye kommunale utleigebustader
- At kommunen skal arbeida aktivt for at førstegongskjøparar som ikkje får lån/tilstrekkeleg lån i banken, får lån i Husbanken
- Leggja opp til nye sjølvbyggjarprosjekt, med fleksible løysingar.
- Ha forsøksfelt for nyskapande og eksperimentelle hus, og ulike former for bu- og delingsfellesskap, som til dømes moderne klyngjetun og økolandsbyar
- Gjera bustad mindre lønsamt som eit spare- og investeringsobjekt
Kultur og idrett
Raudt Alver ønskjer ein kommune med eit breidt og mangfaldig kuturliv, der idrett, kunst og kultur er tilgjengeleg for alle.
Bibliotek har ei særskild oppgåve som kulturformidlar og demokratibyggjar. Me ønskjer at biblioteket og dei ulike bibliotekfilialane skal ha rom til vederlagsfrie arrangement, og særleg satsa på å vera ein møteplass for barn og ungdom.
Særleg idrettstilbod for barn må ha låg kostnad.
Raudt Alver vil
- Støtta etablering av eit kulturhus i Knarvik, der biblioteket er ein del. Det må vera rom for at frivillige lag og organisasjonar har råd til å bruka lokala
- Oppretthalda og styrkja kulturtilbod i distrikta med gode og tilgjengelege arenaer for øving og framsyning.
- Det må vera eit godt samarbeid mellom kulturavdelinga i kommunen og dei ulike lag og organisasjonar
- Tal filialar og skulebibliotek må oppretthaldast og det trengs auka løyvingar
- At dei kommunale kunst- og kulturarenaene óg skal fungera som livssynsnøytrale seremoni-rom.
- Ikkje byggja ny kyrkje på Frekhaug
- Oppretthalda basseng i regionsentra og byggja kommunalt basseng på Lindås. Bassenga må vera opne på kveldstid
- Auka budsjettet til kulturskulen, dette bør verta eit gratis tilbod på sikt. I første omgang må eigenandelen reduserast til 1000 kr i året
- Ha ungdomsklubbar i kvart bygdesenter
Internasjonalt
Internasjonal politikk har stor påverknadskraft på lokaldemokratiet. Alt for mange saker som vert handsama i norske kommunestyre og fylkesting, vert råka av EØS-lovgjeving og EU-politikk.
Storting og regjering må respektera utfallet av to EF/EU-avstemmingar, der folket sa nei.
Raudt Alver ønskjer å motarbeida stormakter si aggressive adferd i verda i dag, og heller støtta folk som står opp og kjempar mot imperialismen, undertrykkinga og utbyttinga som skjer i verda.
Raudt Alver vil
- Arbeida for nasjonalt sjølvstende og utmelding av EØS
- At Alver kommune søkjer allianse med andre kommunar med sikte på å avgrensa negative verknader av EØS-avtalen i kommunale saker
- Vera mot norsk medlemsskap i NATO
- Støtta alle lokale, nasjonale og internasjonale initiativ som arbeider for fred og nedrusting. Alver skal bli ein ICAN-kommune (Internasjonal kampanje for forbud mot atomvåpen). Mange andre kommunar i nærområdet er med.
- Unngå å handla med land som bryt folkerettslege prinsipp fastsett av FN
- Støtta kommunal boikott av apartheidstaten Israel
- At Alver vert vennskapskommune med ein palestinsk kommune
- Unngå å handla med utanlandske bedrifter som er avslørte for rovdrift på menneske og miljø