Program


Valprogram for Raudt Vang 2023 - 2027

I ei tid der forskjellane aukar treng me eit sterkt Raudt i kommunane. Raudt jobbar for å få ned forskjellane, og skape eit meir rettferdig samfunn me alle kan trivast og leve i. Me ynskjer ei kommune med eit levende demokrati, og sterke, gode og fungerande velferdsordningar, med offentlege tilbod som sørgjer for sikkerheit til alle om eit verdig liv.

Raudt ynskjer at kommunane skal få meir pengar frå staten og at samfunnet må styrast utifrå behova til folk og miljø, og ikkje profittinteresser og maksimal vekst.

Kampen mot forskjellar

Raudt i Vang vil:

  • Jobbe for at mottakarar av sosialhjelp ikkje får barnetrygda innrekna som ein del av inntekta. Dette gjeld òg om nasjonale myndigheiter går tilbake på ordninga etter stortingsvalet i 2025.
  • Auke sosialhjelpssatsane med minst 2000,- i månaden og skjerme aukinga slik at ho ikkje påverkar andre ytingar.
  • At alle kommunale bygg skal vere universelt utforma.

Bustad

Raudt i Vang vil:

  • At Vang kommune skal ha utleigebustadar med god standard som eit alternativ til den kommersielle leigemarknaden, og leggje til rette for «leige for eige».
  • Sei nei til marknadspris/gjengs leige av kommunens bustadar. Leigeprisane skal kun ivareta vedlikehald.
  • Styrke startlånsordninga og gi Husbanken auka rammer.

Arbeidsliv

Raudt i Vang vil:

  • Jobbe for heile, faste stillingar i kommunen.
  • Innføre lønnstak for politikarar og kommunale toppleiarar.
  • Starte prøveordningar med sekstimars arbeidsdag / 30 timers arbeidsveke med full lønnskompensasjon for tilsette i kommunen.
  • At skjenkje- og serveringsløyver føreset at verksemda har innført tariffavtale for alle tilsette.
  • At kommunen som oppdragsgivar skal prioritere bedrifter med tariffavtale og pensjonsordningar.
  • At alle bedrifter som er innleigd av kommunen skal ha lærlingordning.
  • Føreslå tiltak mot sosial dumping, og innføre ”Oslo-modellen”, som blant anna gir kommunen tilgang til lønns- og arbeidsvilkåra på arbeidsplassane i kommunen.
  • Leggje til rette for berekraftig turisme som ikkje inneber nedbygging av natur.

Skule og barnehage

Raudt i Vang vil:

  • Jobbe for gratis skulemat til alle elevar.
  • Jobbe for forsøk med leksefri grunnskule.
  • Jobbe for at elevar med særskilde behov for oppfølging, skal ha ein automatisk rett til å få det på kort varsel, utan store og kompliserte utredningar.
  • At SFO og barnehage blir gratis.
  • Utvide stillinga til helsesjukepleiar.

Kultur

Raudt i Vang vil:

  • Jobbe for å innføre gratis kommunal kulturskule.
  • Styrke breddeidretten og redusere kontingenten for born og ungdom.
  • Auke frekvensen av arrangement i ungdomsklubben.
  • Opprette øvingsrom for unge musikarar.
  • Støtte og bidra til at gummigranulata i kunstgrasbana på Tveit blir erstattamed miljøvenleg granulat.
  • Gi born og unge moglegheit til å delta på fritidsaktivitetar uavhengig av økonomien til familien.
  • Utvide opningstida til BUA.

Helse

Raudt i Vang vil:

  • Auke stillinga til kommunepsykolog.
  • Leggje til rette for at tilsette i kommunen skal få permisjon med lønn ved helseundersøkingar som t.d. mammografiundersøking.
  • Jobbe for at mammografibussen kjem til Vang.
  • Jobbe for å stille krav til regjeringa om kompensasjon for helseutgifter til fritidsbebuarar.

Miljø og landbruk

Raudt i Vang vil:

  • Lage eit program for stans av framande artar av høg risiko, t.d. lupin.
  • Forby hyttebygging over 800 moh.
  • Tillate fortetting innanfor etablerte hyttefelt, ved bruk av eksisterande infrastruktur.
  • Gjennomføre omfattande «planvask» i arealplanar.
  • Hegne om utmarksbeite og stølsdrift.
  • Stoppe nedbygging av matjord og myrer.
  • Tilsetje ein kommunal ENØK-koordinator.

Internasjonal solidaritet

Raudt i Vang vil:

  • Innføre kommunal boikott av varer frå område på Vestbredden som er okkupert av Israel.
  • Leggje til rette for auka innvandrardeltaking i styre og stell.