Til lukke med siger i streiken
Landsmøtet i Raudt gratulerer LO og YS med siger i ein historisk streik i privat sektor.
Dette har vore ein rettferdig klassekamp mot reallønsnedgang etter ein dramatisk prisauke på basisvarer som mat, straum, bukostnader. Samstundes har toppleiarane i bedriftene og eigarane tatt ut historisk store utbytte, bonusar og lønsvekst. Klasseskilja i samfunnet har blitt høgare og ville forsterka seg dersom fagrørsla ikkje hadde tatt denne kampen for sentrale tillegg og låglønstillegg. Tida var inne for ein mot-offensiv frå fagrørsla for å sikre arbeidarklassen større del av dei verdiane som blir skapt i det norske arbeidslivet.
Landsmøtet i Raudt helsar med glede den store støtta streiken har fått av dei som deltok i streiken, dei som førebudde seg på å streike og resten av fagrørsla. Vi merkar oss at streiken har ført til stor tilstrøyming av nye medlemmar til LO og YS.
Streiken har vist at fagrørsla har effektive kampmiddel som kan, og bør nyttast for å betre løns- og arbeidsforhold for alle arbeidsfolk i Noreg, også i mellomoppgjera. Gjennom effektiv, god organisering, velfunderte opptrappingsplanar, stor streikevilje og sterkt samhald i heile fagrørsla har denne streikekampen gitt gode resultat - ikkje minst for dei lågast løna og alle dei som ikkje har lokal forhandlingsrett.
Landsmøtet i Raudt ynskjer LO og YS lukke til i den vidare kampen for å snu ei utvikling i feil lei og sikre fagorganiserte ein større del av verdiskapinga i samfunnet!