Stopp heilt unødvendige kutt i sjukehustilbod
Uttale vedteken på årsmøtet til Raudt Sogn og Fjordane, på Sandane 21.02.26.
«Helse Førde kan måtte kutte i pasienttilbod». Denne overskrifta i lokalavisa Firda, lyste mot oss tysdag 10. feb.
Det var ikkje den første av liknande overskrifter. Og det ser heller ikkje ut til at det blir den siste. I følgje avisa, manglar helseføretaket 95 millionar kroner for å kome i balanse.
Dette skjer, trass i nedlegging av det viktige rusbehandlingstilbodet ved Tronvik iHøyanger kommune. Helseføretaket kan sikkert rekne seg fram til korleis det har betra bedriftsøkonomien sin. Det kan berre gi det rette og gode svaret dersom også dei som trengde Tronvik fekk det betre.
No blir det også kutta dramatisk i sjukehustilboda i Lærdal og på Nordfjordeid. Dette inneber sentralisering av både viktige tilbod og arbeidsplassar. No gjer myndigheiter ogbedrifter (ja, sjukehusvesenet oppfører seg slik), akkurat det motsette av det som det meir eller mindre samla politiske Norge tidlegare stod for.
Men er det nødvendig?
Helseføretaka rundt i landet, ikkje berre Helse Førde, blir skulda for å ha bygt stort og dyrt. Men er det ikkje nye og utbetra forhold vi vil ha når vi ein dag besøker nokon i eigen familie/omgangskrets som har blitt sjukehuspasient eller kanskje også når vi sjølve av og til set pris på eit godt tilbod?
Er det nødvendig at helseføretaka skal måtte ta opp dyre lån frå den same staten som også eig sjukehusa? For å betale låneutgiftene til investeringar, må dette takast frå sjukehusdrifta. Vi har sett resultatet, og vi må vel rekne meir av slikt? Er det nødvendig at norske sjukehus og kommunar må betale dobbel rente i forhold til kva Japan betalar Oljefondet for lån gjennom statsobligasjonar?
Innstrammingspolitikarane prøver å få det til at helseutgiftene har vakse over alle støvelskaft. Då er det greitt å svare med fakta: Helseutgiftene sin del av brutto nasjonale produktet (BNP) er den same i 2022 som 2002. Samtidig er talet på sjukehusbehandlingar dobla – noko som også betyr ein stor auke i arbeidsinnsats.
Det som ikkje er like positivt er at berre halvparten av Solberg-regjeringa sine skattelettar til dei rike, er reversert. Det er store pengesummar å hente på å skattlegge dei rike sterkare. Det kunne ha reversert dei sentraliseringar av tilbod vi har sett i Stad, Høyanger og Lærdal.
Sjukehuskutta er ikkje nødvendige. Det er derimot nødvendig å skattlegge dei verkeleg rike meir og å ta i bruk deler av Oljefondet til investeringar. Denne delen av nasjonalformuen ville tent oss betre i Distrikts-Noreg enn fondet sine investeringar i staten Israel og Trumps USA. Det er betre enn at lokalsamfunna blir bløgga og helsetilboda blir sentraliserte.
Raudt har på Stortinget, saman med bl.a. AP, stemt for utgreiing av ein ny
finansieringsmodell for sjukehusa, der investeringskostnader ikkje skal ramme eit godt helsetilbod sine nødvendige driftskostnadar. Raudt sitt neste krav til AP er at dette blir følgd opp med pengar og ikkje berre med ord.
Raudt kjem på Stortinget 24. feb. til å stemme for SP sitt forslag – eit forslag som i realiteten inneber å overstyre Helse Førde sin sentraliseringspolitikk som rammar både Lærdal og Nordfjordeid, men kanskje også ambulansedrifta.