Vasskrafta er vår!!

Fråsegn på årsmøtet til Oppland Raudt - 15. mars 2018: Nei til ACER og EUs energiunion! For dei som vil sjå, er det i dag ikkje vanskeleg å konstatere eit Europa i djup krise. Det er stygt å sjå korleis dei fire fridommane til pengemakta herjar land og folk. Særleg ille er det åsjå korleis arbeidsløysa råkar ungdom. Vanlege arbeidsfolk sine tilkjempa velferdsgode og rettar, blir prøvd privatisert og satt ut for kommersielle løysingar.

Det er ein trussel for demokratiet og folkeleg engasjement i politikken. Oppslutninga om val er urovekkande låg i mange EU- land. Blant arbeidstakarane er den fagorganiserte delen nede i 16 – 17 %.

EU har no vedteke ei tredje energipakke. Her skal EUs energiunion ha ei overordna rolle i utviklinga av ein felles europeisk kraftmarknad. Dette vert og kalla den femte fridommen. EU er i ei djup energikrise.  EU ser etter den norske vasskrafta. Rein og stabil energi. Regjeringa og Ja-sida har kommi med framlegg om at Noreg må knytes opp til energiunionen gjennom det europeiske energibyrå ACER (Agency for the Cooperation of Energy Regulators).

EØS-avtalen har gjort at vi er vorten dregen med på mykje av EU sin politikk. Mange av dei tinga har vore til føremon for både Noreg og EU. Men klarer regjeringa å skusle bort råderetten over vasskrafta vår, er det ein tragedie for folket i Noreg. Det er samtidig eit glitrande kupp for EU-systemet.

Arbeidarpartiet freistar tåkelegge kva saka gjeld ved sine sju føresetnader for tilslutning. Hovudsaka gjeld råderetten. Dernest gjeld dette prisen på straum folk og ikkje minst industrien i Noreg skal betale.

Det vert sett på som sannsynleg med minst ei dobling av straumrekninga for vanlege familiar. (Sams prisar i heile EU og EØS område). Dessutan vil folk med dårleg råd, måtte bruke straum om natta da straumen skal bli «billig». (Smartmålerar). Det blir no bygt ein kabel for krafteksport til Tyskland frå Sørlandet. Statnett har konsesjon på ein ny kabel til Skottland. Dersom begge desse kablane blir bygde kan det bety eksport av ein veldig stor del av norsk kraftproduksjon. I både Tyskland og Storbritannia er det vesentleg høgare kraftpris enn i Noreg, og krafta blir seld dit prisen er høgast.

Kor mange arbeidsplassar vil høgare straumprisar tilindustrien koste?

Høgre som ofte har stor frykt for næringslivet si inntening, har vi ikkje høyrt mykje til i denne samanhengen!

Er verkeleg Arbeidarpartiet oppriktig uroa for konsekvensane av ei tilslutning, er det einaste logiske å seie nei til ACER og heile energiunionen.  Vi må seie nei til ytterlegare utbygging av kraftkablar.

Stortinget må og seie nei til Acer og energiunionen. Saka gjeld klart avståing av suverenitet og råderett og må behandlast etter paragraf 115 (3/4 fleirtal).