OBS!
Denne saken er flere år gammel. Innholdet kan være utdatert.
Nasjonalt forsvar eller utrykkingskorps?
Erling Folkvords innleiing i Oslo Militære Samfund 10. november 2008:
Nasjonalt forsvar eller utrykkingskorps etter legokloss-prinsippet?
Eg prøver å svare på hovudspørsmålet først: Rødt vil ha eit sterkt og uavhengig forsvar av norsk territorium, bygd på konvensjonelle stridsmiddel og allmen verneplikt. Vi meiner hærstyrkene og sjøforsvaret, saman med overvaking av luftromet er viktigast for å hindre at ein fiende tar kontroll over landet.
For å få ein militær styrke som har evne til forsvars kamp over tid, trengst det både materiell og ideologisk opprustning frå dagens nivå. Dagens pulveriserte forsvar er det foreløpige endepunktet for den reduksjonen av forsvarsevne som starta med framleggjinga av den såkalte Langtidsmeldinga for Forsvaret for seksten år sia. [Stortingsmelding nr. 16 (1992-93)] Eg seier foreløpig, fordi bånnen neppe er nådd.
Dagens oppstykka Forsvar er resultat av to sikkerhetspolitiske premissar som den utanriks- og forsvarspolitiske leiinga har bygd på heilt sia Gulfkrigen i 1991. Rødt meiner begge premissa er feil. Utan eit oppgjer med begge kan vi ikkje få ei fornuftig samling om kva slags forsvar Norge har bruk for.
Det første premisset er omtrent slik:
Norge er ikkje i stand til å forsvare sitt eige territorium aleine. Derfor må vi stille styrkar til rådighet for andre større makter i bytte for at dei skal kome oss til unnsetning om vi skulle trenge det.
Innhaldet i det andre premisset er slik:
Ein territorial, etnisk eller regional konflikt kor som helst på kloden kan utvikle seg slik at konflikten på eit seinare tidspunkt kan truge våre grenser og vår stabilitet. Det er derfor riktig å delta i intervensjonar sammen med andre for å hindre at slike konfliktar utviklar seg til eit slikt nivå at dei trugar Norge.
George Bush spissformulerte dette i doktrinen om retten til førebyggjande angrep da han heldt tale på West Point militærakademi i juni 2002. [Frå National Security Strategy, offentleggjort av New York Times 20. september 2002] I løpet av dei siste seks åra, har skiftande forsvarsministrar leverte kvar sine lett fornorska kopiar av Bush-doktrinen.
Dessverre har struktureringa, dimensjoneringa og samansetninga av hærstyrkene, vorti styrt av desse to premissa og ikkje av ei seriøs vurdering av kva som trengst for å ha eit framtidsretta militært forsvar av norsk område. Derfor er norsk forsvarsevne drastisk redusert.
Norge har fått ein hær etter Lego-kloss prinsippet. Evnen til samankobling med styrker frå NATO og Vestunionen dimensjonerer den norske hæren. Å kunne supplere stridselement frå andre land har vorti viktigare enn å ha evne til å føre langvarig strid i norsk terreng i samhandling med eigne støtteelement.
Godtakinga av desse to premissa er og grunnen til at Norge no står i ei politisk og militær hengemyr i Afghanistan. Hadde vi ikkje 60 000 menneske gått ut på gatene i februar 2003 mot krigsdeltaking i Irak, kunne vi ha vori i same situasjon der.
Fordi det i Stortinget er brei enighet om dei to feilaktige premissa, vart Norge etter 11. september 2001 eit lett og villig bytte for George W. Bush sin ideologiske, politiske og militære kampanje mot terror. Denne kampanja ga USA militært fotfeste i alle dei 8 tidlegare Sovjetrepublikkane sør for Russland, delvis med Norge på slep.
Samtidig nærmar USA seg den russiske vestgrense ved stadig å innlemme nye austeuropeiske land i NATO. USA planlegg i tillegg utstasjonering av atomrakettar i Polen og Tsjekkia. Ikkje rart om Russland opplever dette som omringing.
Viss ein er enig i at USA i oktober 1962 hadde grunn til å reagere mot sovjetisk bygging av utskytingsramper for atomrakettar på Cuba, må ein vel i all anstendighet godta at Russland ser på tilsvarande handling i dag som ei form for aggresjon?
Vi som er samla i denne salen bør bekymre oss over at Norge er med på denne omringninga. Når Norge villig deltar i krigseventyr nær Russlands sørgrense og er med i ein militær allianse som pressar på den russiske vestgrensa, bør vi ikkje undrast over at temperaturen stig i Nordområda.
Om vi ser verdssituasjonen som ein ballong , så aukar trykket i heile ballongen når trykket auker i eitt område.
Norge er eit lite land som er tjent med at hevdvunnen folkerett blir respektert. Det betyr at vi bør arbeide for eit best mulig samarbeidsforhold til alle land, naboland og andre.
Vi ønskjer respekt for eigne grenser og eigen territoriell og nasjonal integritet. Da må vi sjølvsagt respektere det samme hos andre.
Ein stat som ikkje sjølv tar ansvar for å sikre eigne grenser og si eiga uavhengighet kan ikkje forvente at andre skal stille opp for å forsvare det staten sjølv ikkje tar ansvar for.
Siste hundreåret er fullt av eksempel på at moderne stormakter handlar ut frå eigne interesser og overkjører mindre land, utan hinder av inngåtte avtalar.
Fordi det nasjonalt baserte territorialforsvaret av Norge no er under kritisk masse, treng vi debatt om konkrete målsettinger for det forsvaret Norge treng å byggje opp, innafor økonomisk handterbare rammer. Rødt ønskjer å tenne ein motbrann mot den nedbyggjinga – eller nedrivinga - av forsvarsevne som Stortinget og skiftande regjeringar har gjennomført.
Eg skal til slutt berre prøve meg med ei overflatisk skisse:
Vi kan byggje på Hærordninga frå St.meld. 16 frå 1992/93, med i alt 6 ståande og mobiliserbare brigader organisert som 1 divisjon pluss 3 brigadar med alle støttefunksjonar.
Sjøforsvaret må drifte alle fregattene som stammen i eit effektiv kystforsvar og havoppsyn. Vi bør børste støvet av dei opprinnelege planane frå 90-talet for modernisering av Missile Torpedo Båtane og Stridsbåt 90-konseptet og la dei utvikle samhandling med Kystjegerkommandoen.
Vi må avfinne oss med at alle kystforta er nedlagt, men moderne skyts som er lagt i møllposen må i det minste haldast funksjonseffektivt. - Norge bør satse på mobilt kystartilleri og effektivt samvirke mellom Sjøforsvaret og hæren. Mens Håkonsvern er hovedbase bør Olavsvern gjenopprettast som base i Nord.
Luftforsvaret sine radarstasjonar for luftovervåking og kystradarstasjonene skal vere operative. Vi skal beholde Orion-flya.
Så bør vi skrinleggje jagarflykjøpet. Om vi brukar ledige milliardar til å bygge opp eit høgteknologisk, missilbasert luftforsvar som skal operere desentralisert og knytta til hærstyrkene, får vi 100 gonger meir luftforsvar - for same kostnad.
Det heile kokar ned til eitt hovudspørsmål: Skal forsvarsmilliardane som Stortinget fordelar 4. desember – og i seinare budsjettmøte – brukast til å utvikle eit best muleg militært forsvar av norsk terrritorium? Eller skal Norge først og fremst vere legoklosselevarandør til eit globalt utrykningskorps som er styrt av eigeninteressene til den eine eller den andre stormakta?