OBS!

Denne saken er flere år gammel. Innholdet kan være utdatert.

Statkraft og trallebana i Ålvik

Ope brev til olje- og energiminister Odd Roger Enoksen.

Framføre stortingsvalet i 2005 gjekk AP, SP og SV til val på lovnadar om eit nytt industrikraftregime, som skulle sikre at Ålvik og andre industrisamfunn framleis fekk rimeleg industrikraft på langsiktige kontraktar. Dette skulle kome på plass innan eitt år. Lovnadane vart gjentekne i Soria-Moria-erklæringa. To år seinare har framleis ikkje noko skjedd, anna enn at Elkem har vedtatt å flytte FSM-produksjonen ved Bjølvefossen til Island. I Soria-Moria-erklæringa er det og lova eit aktivt statleg eigarskap.

Når Elkem Bjølvefossen sin siste kraftkonsesjon går ut i 2010, kan Statkraft, med dagens marknadspris på straum, ta ut ein nettogevinst på minst 100 millionar kroner årleg frå Nye Bjølvo Kraftverk i Ålvik. Samstundes som kraftmillionane, og snart arbeidsplassane, forlet Ålvik, deltek Statkraft i eit oppsiktsvekkjande politisk spel i vertsbygda.

Staten har gjeve løyve til riving av trallebana i Ålvik, og Statkraft har velt å tolka denne løyva som eit påbod. Dei har dirfor gått i gang med førebuingane til rivinga, vel vitande om at det framleis vert kjempa for bevaring og ny drift av bana. Kostnadane ved rivinga er førebels berekna til om lag 70 millionar kroner. Kostnadane ved å sette bana i god driftsmessig stand er førebels betrekna til om lag 20 millionar.

Den nesten 100 år gamle trallebana er ikkje berre eit ruvande identitetssymbol for industrisamfunnet Ålvik. Bana er eit regionalt og nasjonalt industrihistorisk monument, og i tillegg til å dekke behovet for ålvikarar å kome seg til fjells, kan ho verte ein spektakulær turistattraksjon. Halvparten av dei stipulerte rivingskostnadane kunne langt på veg sikra framtidig drift av trallebana.

Utan å dvele noko vidare ved dette forholdet, har Statkraft bestemt seg for å rive bana og heller bidra til ein eventuell fjellveg til damanlegget i høgfjellet. Selskapet har lova 5 millionar til ein tilkomstveg, som er berekna til å koste om lag 10 millionar. Viss vegen ikkje vert noko av, har Statkraft gjort det klart at pengane heller ikkje vert brukte.

Som generalforsamling i Statkraft, må Olje- og energiministeren snarast gripe inn i høve selskapet sine disponeringar i Ålvik. Han må instruere Statkraft til å legge rivingsplanane på is, i påvente av nærare instruksar om å bruke millionane på oppbygging heller enn riving av Ålviksamfunnet.




Han må dessutan gjere det klart at Statkraft ikkje skal ha høve til å øve politisk press i høve ei kontroversiell lokalpolitisk utbyggingssak. Det er nettopp det selskapet gjer når det løyvar pengar til ein fjellveg som enno ikkje er godkjend. Når millionlovnaden i tillegg vert presentert som ”(…) selskapet sin måte å visa samfunnsansvar på (…)”[regiondirektør Jan Alne i Statkraft til Hordaland Folkeblad, 24.08.07], må statsråden erklære dette som uakseptabel oppførsel frå eit statseigd selskap.

Statkraft er ein interessent i fjellvegen, som gjev lettare tilkomst til selskapet sine anlegg ved Bjølsegrøvatnet. Derfor er det Statkraft sjølv som eventuelt må stå som utbyggjar av fjellvegen og sjølv fullfinansiere han viss han vert godkjend. Enoksen og Statkraft bør vere kjende med at Ålviksamfunnet si framtid er avhengig av eit nytt industrikraftregime og at bidrag til ein fjellveg ikkje har noko å gjere med det å vise samfunnsansvar.

Derimot har staten eit stort ansvar for å sørgje for at trallebana i Ålvik vert tatt vare på for framtida. RV forventar at ein sum som motsvarar rivingskostnadane heller må investerast i rehabilitering og drift av trallebana, og at fjellvegen, som opphavleg vart rekna som ei erstatning for bana, blir handsama politisk, utan Statkraft si innblanding.

Helsing Kvam RV



Håvard Gjerde
1. kandidat for Kvam RV