OBS!

Denne saken er flere år gammel. Innholdet kan være utdatert.

Protester mot legitimasjonsplikten!

null

Det er vanleg at røystestyret opnar for protestar når dei opnar valet kl. 08 i morgon.

Møt opp på vallokalet ditt litt før 8 og sei noko slikt som dette:

"Eg vil at fylgjande protest kjem i protokollen til røystestyret:

Ved valet i år er det innført legitimasjonsplikt. Samstundes er det slik at det ikkje er mogleg å få tak i gratis legitimasjon i Noreg. Med dette har me innskrenka røysteretten til berre å gjelda dei som har råd til legitimasjon, noko som er eit klart brot med § 50 i Grunnlova. Mange fattige vil ikkje ha råd til legitimasjon, eller måtte velja mellom legitimasjon og mat på bordet. Bustadslause har i tillegg store problem med å få fødeattest, noko ein må ha for å få legitimasjon. Valordninga i år er difor i strid med Grunnlova. Reint praktisk bør røystestyret i dag løysa dette ved å godta at ein person utan legitimasjon kan ta med seg ein tredjeperson som kan stadfesta at vedkomande er den ho/han gjev seg ut for."