OBS!
Denne saken er flere år gammel. Innholdet kan være utdatert.
RV framleis neststørst i Odda!
Pressemelding / førebels kommentar til valresultatet i Odda:
518 oddingar røysta på RV ved kommunevalet i Odda. Med 13,6% og 4 representantar, er vi framleis det neststørste partiet i kommunestyret. Det er vi rimeleg nøgd med.
12,4% av veljarane i Odda røysta og RV på fylkestingsvalet. Også i dette valet fekk vart vi nr. 2 i Odda etter Arbeiderpartiet. Det var med på å sikre at RV i Hordaland i alle fall kom inn med 2 representantar i det nye fylkestinget. Dijana Milicevic Saga frå Odda fekk fast plass, med Terje Kollbotn frå Odda som 1. vararepresentant.
Det var ein ekstra inspirasjon for oss til å stå på vidare for Odda og ungdomen at heile 33,9 % ev elevane ved Odda vidaregåande skule røysta RV i skulevalet.
Vi vil takke alle som har røysta på oss. Og vi vil gratulere Knut Henning Thygesen i Risør som landets første RV-ordførar. I direkte ordførarval fekk han heile 44,5 % av røystene.
Det nye kommunestyret skal kome saman den 24.oktober for å velge ny ordførar og fordele politiske verv utifrå valresultatet.
Sjøl om Arbeiderpartiet har 10 av 27 representantar, er det uaktuelt for RV å stø Arbeiderpartiets ordførarkandidat, Gard Folkvord. Han har saman med resten av den lokale AP-leiinga og FrP medverka til full splittelse i Odda i UNESCO-saka. Dei har svikta kommunestyrevedtaket som dei sjøl var med på i 2004. Målet var saman med Rjukan å få Odda / Tyssedal på UNESCO si verdsarvliste. Uryddig opptreden, skremselspropaganda og feilinformasjon frå AP-leiinga og FrP endte med eit knepent NEI på 51,3 %. Dette er trist for både Odda, Rjukan og Norge.
Vi vil no ynskje Rjukan-samfunnet lukke til i det vidare arbeidet med å kome på denne prestisjetunge verdsarvlista.
Vi vonar at JA til UNESCO-partia RV, V, Nye Odda, SP, Høgre og JA-folk i AP kan etablerer ein samarbeidsplattform for ein ny Regnbogeallianse i Odda-politikken. Utgangspunktet for eit slikt samarbeid og fordeling av nye politiske verv bør etter RV sitt syn vere den vedtatte Kommuneplanen (2006) som AP-leiinga har svikta med sitt Nei til UNESCO.
Odda RV ynskjer å halde fram med tverrpolitisk samarbeid på sak for å få ein ny giv og politisk handlekraft i Odda. Utfordringane står i kø: industrikraftløysing, trafikkløysing, lokalsjukehuset, ny ungdomsplan, høgskuletilbod, eldreplan, kulturplan, klima- og energiplan og ikkje minst ein god reguleringsplan for Smelteverkstomta. Det første som må skje er eit felles krav frå det kommunestyret om at dei nye eigarane av tomta straks ryddar opp alt av skrot, skrap, forureining og ruinar på tomta.
Terje Kollbotn (leiar for RV si nye kommunestyregruppe i Odda)