OBS!
Denne saken er flere år gammel. Innholdet kan være utdatert.
Det beste RV-resultatet nokosinne i Høyanger: 11,3%
Høyanger RV/Raudt fekk heile 241 stemmer (11,3 %) ved kommunestyrevalet. Det er det beste RV-resultatet nokosinne. RV blir representert med Einar Rysjedal og Geir Bjarte Hjetland (Geir Bjarte til venstre på bildet). Einar var også slengarvinnar med 69 slengarar som er meir enn kva det sitjande formannskapet fekk til saman. Geir Bjarte fekk 39 slengarar som er meir enn nokon av formannskapsmedlemane.
- Årsaka til det sterke valresultatet er først og fremst at RV har gått meir aktivt og breitt ut mot nedskjeringane i kommunen og at vi i diskusjonar om ny industri konsekvent har gått inn for ein ny aluminiumshall B, seier Einar som også er leiar i partilaget.
Han meiner vidare at det gode valresultatet også skuldast at fleire av medlemane har vore aktivt og synleg med i arbeidet og på stand dei siste åra - ikkje berre i valkampen.
- Høyanger RV har også drive meir allsidig politisk arbeid gjennom medlemar sin aktive innsats i fagforeiningane, i kommunestyret og frå RV meir direkte. Vi har ikkje berre arbeidd med lokale saker, men markert oss i nasjonale og internasjonale saker. Dette i tillegg til å vere synleg i lokalavisene har gjeve oss større oppslutning, seier Einar.