OBS!

Denne saken er flere år gammel. Innholdet kan være utdatert.

Er det OK at politimeisteren bryt lova?

Oslo politikammer og politimeister Anstein Gjengedal vart nyleg dømt i Oslo tingrett. Domen seier at politimeisteren subsidiært kan sone 10 dagar i fengsel.

Tre-fire dagar etter denne domen, gjekk Oslo-politiet på nytt heilt på tvers av lova. Politifolk med brekkjern slo inn døra til redaksjonen i RadiOrakel. Dette er brot på straffeprosesslova som stiller to krav før politiet kan ransake ein redaksjon: Ein statsadvokat skal skrive under ransakingsordren og politiet skal varsle redaktøren før dei aksjonerer. (§195 og §200 i straffeprosesslova.) - Per dags dato er ikkje RadiOrakel sikta for noko som helst. Spesialeininga for politisaker etterforskar no politiaksjonen.

Caplex definerer politistat som ein ”stat hvor politiet kan gripe inn mot borgere uten bestemt lovhjemmel.” Det motsette er ein rettsstat.

Det er lærerikt å sjå på bakgrunnen for at politimeisteren vart dømt. Våren 2004 planla byrådet i Oslo, dåverande justisminister Odd Einar Dørum (V) og politimeisteren ein storaksjon. Dei skulle ”rydde opp” i narkotikasal og anna kriminalitet i det parkområdet ved Oslo S som blir kalla Plata. Her har politiet i årevis hatt overvakingskamera i drift døgnet rundt. Personopplysningslova sier at politiet berre kan utlevere slike opptak til andre ”dersom den som er avbildet samtykker”.

Fleire veker før rydde-aksjonen, laga politiet ein ”reklamevideo” med korte glimt av valdsbruk og anna dramatikk på Plata i dei første månadene i 2004. Politiet hadde filmvisning mange nærbilete, i ulike samanhengar for å få politikarar og andre til å forstå at den planlagte politiaksjonen var nødvendig. 7. juni, sjølve ryddedagen, sette Anstein Gjengedal krona på verket og lånte ut ein usladda kortversjon til NRK. Dermed kunne statskanalen vise reality-TV i beste sendetid og sprite opp stemninga før ein debatt i Redaksjon 1.

Dagen etter melde RV-gruppa i Oslo bystyre politimeisteren til Riksadvokaten for brot på personopplysningslova. Litt seinare snakka eg med Gjengedal om dette i eit møte i Politiutvalet. Han sa då at han ikkje kan bli straffa utan at regjeringa i statsråd vedtar å ta ut tiltale mot han. Han høyrdest ut som han kjende seg heilt trygg.

SEFO - det særskilde etterforskingsorganet som tok seg av politisaker for Spesialeininga vart oppretta – fekk ansvaret for etterforskinga. Dei konkluderte slik:

”SEFO ser det som betenkelig allerede at filmen ble produsert. (...) Kameraene er ment for overvåking og opptakene skal slettes jevnlig. Kun opptak som knytter seg til straffesaker skal oppbevares ut over tre måneder. Her har altså politiet samlet klipp og bruker filmen som påvirkning i fordelingen av midler internt og for å skape forståelse for politiets aksjon blant politikere. Den er kopiert i 16 eksemplarer som fortsatt eksisterer. Det er ikke innhentet samtykke fra menneskene som er filmet.

(…)

Politimester Gjengedal personlig ga tillatelse til utlevering av filmen på 9 minutter til NRK vitende om at den skulle sendes i Redaksjon 1. På filmen er mange personer lett gjenkjennelig og det er overhodet ingen sladding.

(…)

SEFO ser utleveringen av filmen som en overtredelse av av personopplysningslovens

§ 39. (...) Utleveringen skjedde forsettlig og straffebudet er overtrådt allerede ved utleveringen. (…) SEFO foreslår at boten settes til kroner 10 000.

Dette er eit av dei få tilfella der SEFO innstilte på å straffe politifolk som bryt lova. Riksadvokaten mislikte dette. Han ville ikkje ha politimeisteren på tiltalebenken. Etter ei juridisk utgreiing med mange ord og lite innhald, sette riksadvokaten ein tjukk strek over innstillinga frå SEFO. Politimeister Gjengedal kunne fortsetje med reint rulleblad.

Ein av dei som vart gjenkjent på den ulovleg utlånte videoen, gjekk då til privat straffesak. Og den domen som Oslo tingrett felte over politimeisteren 23. april 2007 er vesentleg strengare enn innstillinga frå SEFO. Første punktet i domen 10 000 kroner i bot, subsidiært 10 dagars fengsel for Gjengedal. I tillegg får politikammeret foretaksstraff. Både Gjengedal personleg og politikammeret må betale oppreisining og saksomkostningar. Gjengededal sitt lovbrot 7. juni 2004 kostar skattytarane 390 000 kroner, viss han ikkje tenkjer å betale av eiga lomme.

Domen er ikkje rettskraftig enno. Men faktum er godt klarlagt. Den juridiske grunngivinga for domen er slik at det skal bli tungt for politimeisteren å få eit anna resultat i Lagmannsretten. Viss han ankar, må lagmannsrett avgjere om politimeisteren skal ha lov til å bryte lova.

Første gongen eg møtte Anstein Gjengedal var han statsadvokat og aktor i Høgsterett. Eg var tiltalt. Bakgrunnen var enkel: Eg vart vitne til grov valdsbruk frå politiet ein sein kveld eg var på heimveg. Eg ba om å få vite tenestenummeret til ein av dei som slo. Politiinstruksen sa at politifolk skulle oppgi dette nummeret når nokon spurde. Svar eg fekk var ein ordre om å gå så langt vekk at eg ikkje kunne sjå det som gjekk føre seg. Eg sa eg skulle gjere det, viss eg først fekk tenestenummeret eg hadde spurd etter. Så vart eg arrestert, saman med dei som vart banka opp. Både dei som slo og dei som braut tenesteinstruksen, handla etter ordre.

Byretten frikjende meg, men dåverande politimester Haugli anka til Høgsterett. Der prosederte statsadvokat Gjengedal prinsippielt. Han sa at vanlege borgarar alltid har plikt til å følgje pålegg frå politiet, sjølv om politiet bryt lova når dei gir pålegget. Han åtvara domarane i Høgsterett: Det vil bli uhaldbare tilstandar i samfunnet viss det ikkje er slik. For meg høyrdest prosedyren ut som eit prinsippielt forsvar for politistatsmetoder, viss og når politiet synst det trengst. Fleirtalet i høgsterett avviste dette synet, og eg vart frikjend.

For meg ser det ut som politimeisteren i Oslo både 7. juni 2004 og under aksjonen mot RadiOrakel utøver embetet sitt i tråd med det synet han hevda den gongen han tapte i høgsterett. Viss det er slik, blir Oslo ein utrygg by.

Justisminister Knut Storberget burde ha rydda for lenge sia. Men seint er betre enn aldri. Han bør sørge for at Oslo politikammer får ein sjef som ikkje er straffedømt. Viss Anstein Gjengedal ankar domen, slik han har rett til på same måte som andre som er dømt, må justisministeren flytte han vekk frå stillinga som politimeister i perioden fram til han eventuelt blir frikjend i lagmannsrett eller høgsterett. Slik opprydding frå justisministeren er like sjølvsagt som at han må sikre uavhengig gransking av Obiora-saka. Han må og lage nye reglar slik at politifolk som er innblanda i saker som medfører stor personskade eller dødsfall, automatisk blir tatt ut av teneste med publikumskontakt fram til ansvarsforholda er avklara. Andre land har lenge hatt ein slik praksis.

Erling Folkvord, bystyremedlem i Oslo for RV/Raudt.

Trykket i Dagbladet 19.5.2007