Matsikkerheit – eit folkekrav
Rødt vil betre bøndene sine inntekts- og produksjonsvilkår raskt og betydeleg for å sikre framtidig rekruttering til næringa, ressursutnytting, dyrevelferd, matkvalitet og matsikkerheit.
Sikker tilgang på trygg mat er viktigaste infrastrukturen i eit kvart land. Pandemi, krig og energikrise har tydeleg vist kor sårbar matforsyninga vår er.
Me importerer over halvparten av maten me ét og det gjer landet utsett for matkriser dersom importen sviktar. Det er også svært uheldig i ein miljørekneskap. Verdas matproduksjon er òg i krise. Framtida vil innebere kamp om ressursane. Vi har eit moralsk ansvar for å maksimere eigen produksjon - for eigen befolkning og i solidaritet med andre land og folk.
Norsk matsikkerheit byggjer på tre pilarar: Stabil innanlands produksjon, vern om produksjonsgrunnlaget (jord, vatn osb.) og handelssystem som fungerar. Den kontinuerlege matproduksjonen er den viktigaste beredskapen for matsikkerheit, denne må vera høg og berekraftig i heile Noreg. Me treng matprodusentar i alle delar av landet, kompetente bønder som har moglegheit til å ta dei ulike lokale vilkåra på alvor. Jorda og dyra må stellast med innsikt og tilpassing til naturvilkåra.
Me må verne om utmark og all matjord som produksjonsgrunnlag. Slik tek me òg vare på det biologiske mangfaldet, som er natur me alle er avhengig av at fungerer.
Mesteparten av dyrkaarealet vårt kan berre brukast til grasproduksjon. Det betyr at mykje av matproduksjonen må baserast på grasareala. Då er drøvtyggjarane, ku, sau og geit, avgjerande for matsikkerheiten vår p.g.a. deira evne til å omdanne gras til kjøt og mjølk.
Matproduksjonen fungerer ikkje i eit vakuum, me må drifte utdanning og forsking og me må sikre distribusjonsapparatet gjennom landbrukssamvirka si hente- og leveringsplikt over heile landet. Me må ha
eit importvern som gjer det lønsamt å produsera mat.
Rødt feira 15 år i 2022 og opplever stadig ein kraftig vekst. I vårt arbeidsprogram har vi vedteke å kjempa for langt betre vilkår for matproduksjon. Rødt er partiet for arbeidsfolk, og for ein rettferdig og forsvarleg arbeidslivspolitikk. Arbeidsvilkåra og inntekta i landbruket er verken rettferdig eller forsvarleg.
Rødt vil betre bøndene sine inntekts- og produksjonsvilkår raskt og betydeleg for å sikre framtidig rekruttering til næringa, ressursutnytting, dyrevelferd, matkvalitet og matsikkerheit.
Rødt sitt landbrukspolitiske program er eit program for å auke den norske matsikkerheiten:
- Jordvernet må styrkast kraftig og nedbygging av matjord må stansast.
- Kanaliseringspolitikken må praktiserast tydelegare slik at det blir dyrka mat til direkte menneskjeføde på dei areala som eignar seg for det, og at storfé, sau og geit utnyttar grasareala.
- Tilskotsystemet må utjamne forskjellane i produksjonsmoglegheiter og stimulera til jordbruk i alle delar av landet.
- Importerte proteinråvarer må bytast ut med norske alternativ og dyrking av meir og betre korn og grovfôr må stimulerast.
Bruken av utmarksbeite må aukast og ny teknologi som gjer dette mogleg må vera tilgjengeleg. - Tollvernet for norske landbruksprodukt må styrkast. Norsk matproduksjon er avhengig av eit importvern som gjer det lønsamt å produsere mat på norske areal- og fôrressursar i heile landet.
- Landbrukssamvirka må vera store og sterke nok til å ha rolla som marknadsregulator og kunne oppfylle hente- og leveringsplikta.
- Stortinget sitt vedtak om inntektsjamstilling på reelt talgrunnlag må gjennomførast.
- Framfor alt vil Rødt at Noreg skal ha matsuverenitet, at vi sjølve bestemmer over vår mat- og landbrukspolitikk, som er økologisk-, sosialt- og økonomisk tilpassa våre spesielle, naturgitte vilkår.
- Norsk landbruk er i verdstoppen for låge utslepp av klimagassar. Norsk landbruk er ein avgjerande viktig del av næringspolitikken, sysselsettinga og verdiskapinga i distrikta. Norsk landbruk og matindustri genererar opp mot 170 000 arbeidsplassar i dette landet og er den største landbaserte verdikjeda i Noreg. Norsk landbruk er hjørnesteinen for busetjing og levande, attraktive bygdesamfunn i heile landet. Norsk landbruk er avgjerande for den norske totalberedskapen.
Rødt kjempar for matsikkerheit for fellesskapet. For rettferdige arbeidsvilkår, for beredskap, matsuverenitet, og internasjonal solidaritet.