Raudt trengs på Askøy!

På kalendaren står det 2011. Vi har kome godt inn i eit nytt og svært vanskeleg år for barn, unge og tilsette i barnehage og skule, for dei med behov for helse, omsorg- og sosialtenester på Askøy. Ein totalt feilslått politikk frå eit blått fleirtal har ført oss ut i offentleg fattigdom som råkar enkeltmenneske, ofte dei svakaste vi har i lokalsamfunnet vårt. Raudt registrerar at dei to styrande partia, Frp og Høgre, ofte vel to litt ulike strategiar når dei fråskriv seg ansvaret for dette.

Frp skuldar på staten, som dei ikkje får styre. Staten som etterkvart ville blitt lutfattig med Frp sin usosiale avgifts- og skattepolitikk, vel dei likevel å hakke på for alt som barn, unge og pleietrengjande på Askøy no må ofre.


Raudt gjer sant nok også det, men meiner ikkje at regjeringa si kommuneøkonomiske politikk står for langt til venstre, tvert i mot. Med den raudgrøne regjeringa har kommunane fått litt meir enn før på papiret, men ikkje relativt sett. Spriket mellom kommunal sektor og privat sektor har auka i rekordfart. Kommunane i Noreg har aldri før hatt så stor gjeld til staten som no. Dette meiner vi er skikkeleg ille, men om lyseblå-Jens hadde vore mørkeblå-Jensen, då trur vi Stenseide måtte ha retta kanonen sin mot Kommunal- og regionaldepartementet; Askøy ville truleg stått på ROBEK-lista. Med kutt i alle skattar og avgiftar, kjem ein ikkje langt med dei monopolpengane Frp skal spreie rundt i landet, m.a. til velferd på Askøy.

Høgre er kanskje litt meir finurleg. Kvar gong dei er framme med skalpell, og skal gjere inngrep i liva til folk, presterer dei å ta kreditt for å ha tilgodesett midlar, t.d. til skulen. Rådmannen foreslår først eit heilt surrealistisk kutt som slege folk i narkose. Når dei så skal kutte, då kjem våre godhjarta kirurgar med ein mindre skalpell enn rådmannen foreslo, mens dei seier: Vi satsar på skule og styrkar den med heile 8 millionar kronar (samanlikna med rådmannen sitt opphavlige kuttforslag på 12 millionar). Takk og pris! Dette er ein pill ròten strategi.

 
Altså, med staten å skulde på og finurleg kirurgi, kan ein føre folk flest bak lyset. Av ideologiske prinsipp kan Frp og Høgre fråskrive seg ansvar for å gjennomføre lokale tiltak som kan stogge dramatiske kutt i velferd, skule og barnehage på Askøy. Ideologiske prinsipp kan dei visst berre oversjå når det gjeldt bompengar for å dekkje asfalt på veg, ikkje når det står om eigedomsskatt for dei som har mest til å dekkje folk flest sine elementære behov.


2011 er heldigvis også eit lokalt valår. Det er behov for heilt nye røystar inn i lokalpolitikken, og vi er i gong med å utarbeide den politikken Raudt kjem til å gå til val på. Som eit førebels lite parti, må vi gjere nokre strategiske val om kva endringar vi standhaftig vil sloss for. Vi har motteke nokre forslag frå folk, og tek gjerne i mot fleire. Finn oss på opne møte, sosiale media eller bli medlem i Raudt, eventuelt Raud Ungdom som vi har eit godt samarbeid med. Raudt trengs på Askøy!