Nynorsken må få halde fram på Askøy

I siste kommunestyremøte før sommaren vart det til alt hell vedteke å behalde nynorsk ved Fauskanger barne- og ungdomsskule og Træet skule. I det todelte forslaget som vart lagt fram av Raudt med støtte frå AP, Askøylisten, SV, MDG og V, bad vi også om å få greie ut tiltak for styrking av nynorsk i kommunen. KrF stemte også for heile forslaget.

Kommentarfeltet på Facebook til Askøyværingen si omtale av vedtaket tyder på at fleire som har sterke negative haldningar til å behalde nynorsk ikkje kjenner bakgrunnen for saka.

Rådmannen sitt forslag handla fyrst og fremst om å fjerne ressursar frå dei to skulane, til saman 2,6 millionar i lærarressursar som i dag går til språkopplæring. Dette kan ein altså gjere ved å fjerne nynorsk, men ein er då etter lova pålagt å ha ei rådgjevande folkerøysting i forkant. Det har tidlegare vore to folkerøystingar som begge har fått fleirtal for å behalde nynorsk. Å gjennomføre ei tredje er langt frå gratis og er heller ikkje noko nokon har bedd om.

Saka handla nemlig ikkje om at dei som vel bokmål som hovudmål skulle få noko særleg forandring frå det dei har i dag, men å frata dei som har nynorsk sin moglegheit til det, og om å forandre skulane sitt administrasjonsspråk frå dagens nynorsk til bokmål. Vi var visst komen dit økonomisk at det måtte gjerast raskast mogleg for å spare pengar uavhengig av språkleg verditap, så vi er nøgd med at vi fekk hindra det politisk.

Kvifor er det så verdt å halde på nynorsk ved dei to skulane? Dei negative kommentarane på Facebook har fleire påstandar som ikkje kan stå utan svar:

Det vert hevda at å behalde nynorsk når fleirtalet av elevane vel bokmål er udemokratisk. Til ein slik påstand vil eg i tillegg til det som er forklart over vise til historia. I Noreg hadde vi vårt folkespråk før det på udemokratisk vis bortimot vart viska ut i dansketida. Skriftspråket vart dansk. I dialektane overlevde likevel spor av vår uttrykksform og identitet. Ivar Aasen samla seinare det han fann felles i dialektane til eit «nytt» skriftspråk. Der han ikkje fann fellestrekk i dialektane tok han inn vårt opphavelege språk.

Å lære seg denne viktige delen av historia og vårt språklege opphav er i seg sjølv viktig, å ha folk som kjenner og brukar språket endå viktigare. Nynorsk er ein del av den kulturelle arven og vår identitet, også på Askøy.

Dette leier oss over i påstanden om at det nærast ikkje er nokon som snakkar nynorsk meir, og at det gjer det vanskeleg å lære. For det første har det aldri vore nokon som har snakka nynorsk. Likeins med bokmål er det eit skriftspråk, men faktisk er det slik at dei dialektar og talemål vi har her på vestlandet har minst like mange fellestrekk med nynorsk som med bokmål. Kanskje er det ein av fleire faktorar som gjer at alle elevar, både dei med bokmål og nynorsk som hovudmål, blir betre språkbrukarar av å lese og bli eksponert for nynorsk.

Det er jo i grunnen ganske logisk. Ein får til dømes rikare forståing av tal og samanhengar av å lære matematikk. Om eit emne blir litt utfordrande tek vi det ikkje ut av skulen, men tek heller tak i det. Vi oppmuntrar elevar til å meistre og vi prøvar å skape ei positiv haldning til det. Sjølv om det kan vere utfordrande.

Så til påstandane om at dei som vil behalde nynorsk er egoistar, og at vi må skjemmast så lengje vi sit i politikken, påstår eg tilbake at det ikkje er egoistisk å bevare språkrikdom, vise fram det nynorske skriftspråket, litteraturen og vår identitet. Det er ikkje egoistisk å jobbe for at elevar kan få dei moglegheitene språkkunnskap kan gje dei i livet. Det er ikkje egoistisk å jobbe for at elevar kan få dei moglegheitene språkkunnskap kan gje dei i livet.

Inge Abrahamsen, 1. kandidat til kommunevalet