32 millionar ekstra til Voss kommune

Dei aller fleste kjenner Raudt som lokalparti, men nytt av året er at me no er eit stortingsparti. No har Raudt arbeida fram 1oo framlegg til endring av statsbudsjettet, med fokus på å minka forskjellane i landet vårt.

Sidan det er i kommunane velferdstilboda er, må ein etter Raudt sitt syn auka inntektene til kommunane. Og i Raudt sitt framlegg til endring ligg det inne ein auke i frie inntekter for kommunane på 12 milliarder kroner, for Voss sin del utgjer dette ein auke i frie rammer på 32 886 000 kroner. Dersom dette framlegget går igjennom i stortinget, vil ikkje lokalpolitikarane måtte kutta ein einaste plass i neste års budsjett, og ein kan heller fokusera på kvaliteten i tenestene.

Av andre sentrale ting i framlegget frå Raudt finn me:

* auke i barnetrygda med 200 kr til 1170 kr i måneden,

* Gjeninnføre barnetillegget i uføretrygda.

* Auke minstepensjonen for både åleinebuende og gifte/sambuande med 4000 kroner i året.

* Auke bevilgninga til flaum-og rassikring med 636 millioner kroner.

* Reversere det føreslege kuttet i dagpengane på 350 millioner kroner.

* Tannhelse skal inn i eigenandelsordninga

Du spør deg kanskje korleis Raudt har tenkt å finansiera dette? – Svaret på det er ganske enkelt. I dag betaler dei med låg inntekt ein høgare del av inntekta si på skatt enn dei rikaste, dette vil Raudt snu om på. Gjennom skatteskjerping for dei rikaste, skatt på arv for dei rikaste, og ikkje minst setta ein stoppar for at offentlege midlar vert brukt på velferdsproffitørar.

Raudt meiner alvor når me seier at me vil bekjempa forskjellane i samfunnet.

(Denne artikkelen er også publisert i avisa Hordaland, laurdag 02.12.2017)