Nye åtak på kystsamfunna

For folk som bur langs kysten, særleg i nord, er dei gjentekne forsøka på å endra vilkåra for dei kystnære fiskeria eit hovudtema i valkampen i 2017. Regjeringa har lagt konklusjonen til Eidesen-utvalet ut på høyring. Utvalet sin rapport, «Et fremtidsrettet kvotesystem», følgjer opp tidlegare forsøk på å ta dei marine ressursane frå kystbefolkninga, og rasera utsiktene til å oppretthalda aktivitet, busetnad og livskraft langs kysten. Dette bryt direkte med dagens lovverk, mellom anna Havressurslova, men høgrekreftene bryr seg lite om det. Kampen mot sentralisering og dei store kapitalinteressene sin offensive kamp for å overta full kontroll over fiskeressursane, er eit viktig mål. Frie marknadskrefter og store kapitalinteresser skal ikkje få rå over fiskeria. Dette må me stoppa, og det er framleis mogleg.

Foto: Håkon Vatne

Det er mange og særs kompliserte system som styrer korleis me kan hausta og bruka av verdiane i havet. I alle høve er er det grunnleggjande for livskraftig busetnad, arbeidsplassar og kystsamfunn, å sikra tilgangen til desse ressursane.

Fortsatt kamp mot kvotekjøp under 11 meter
Eidesen-utvalet føreslår på nytt å opna for kvotekjøp for båtar under 11 meter (den minste sjarkflåten, men desidert største i talet på båtar). På sikt vil dette føra til at kontrollen over dei mest kystnære, lett tilgjengelege og minst energikrevjande fiskeressursane vert tekne vekk frå folket ytst ved kysten.

Evigvarande eigarskap til kvoter er ein skandale.
Dersom forslaget om evigvarande eigarskap til kvoter skulle verta vedteke, er dette eit av dei største og mest skadelege privatiseringstiltake i norsk historie. Det vil vidare driva fram ei rekkje andre vedtak som tek frå oss kontrollen over dei grunnleggjande fornybare verdiane langs kysten.

Ressursrenta som generell avgift for alle fiskeria, må avvisast.
Store delar av det me kan kalla grunnrente innan fiskeria tilfell framleis kystsamfunna, gjennom at ein så stor del av verdiane frå kystflåten går til kystsamfunna. Ei direkte avgift til staten på til dømes produserte tonn fisk, vil omfordela desse verdiane til finansdepartementet og bankane. Det vil seia ei tilsvarande svekking av verdiskapinga i lokalsamfunna.

Raudt vil i valkampen og på Stortinget kjempa mot denne overføringa av makt, ressursar og kapital frå kystsamfunna til ein stadig meir eksklusiv elite av fiskeri-milliardærar.