Frisk skuledebatt på Stord vgs

Tomine Sandal frå Raud Ungdom sparka godt frå seg i skuledebatten på Stord vidaregåande.

Fredag 25. august var det skuledebatt på Stord vidaregåande skule. Skulen, som sysselset over 1000 elevar og lærarar, hadde samling i Nyehallen på Vikahaugane sportssenter. Ungdomspolitikarar frå Liberalistane, Høgre, Venstre, Kristeleg Folkeparti, Miljøpartiet dei Grøne, Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt.

Debatten dreidde seg om saker som ferjefri E39, norske verdiar, sysselsetjing og arbeidsliv, rettferdig fordeling og lærlingar.

Flinke og engasjerte ungdomsrepresentantar skapte ein frisk debatt. I tillegg kom der engasjerte innspel frå salen.

Tomine Sandal, som er nestleiar i Raud Ungdom og står på 5. plass på Raudt si valliste i Hordaland, gjorde ein god innsats og fronta dei viktigaste sakene til Raudt. Ho fekk siste ordet i debatten, og fekk god respons frå salen då ho smelte til med nokre av Raudt sine hovudparolar, som rettferdig skattepolitikk, at fellesskap fungerer, miljøvern, rettferdig arbeidslivspolitikk og rettferdig fordeling.