For eit livskraftig distrikts-Noreg

Raudt støttar det gryande opprøret i distrikts-Noreg. Gjennom fleire år har stadig fleire tilbod vorte svekka eller fjerna. Akuttfunksjonar, fødetilbod og ambulansetransport vert sentralisert, ikkje berre i Helse Fonna, men i heile landet. Det same skjer med skattekontor, rettsinstansar og polititenester. Fiskeressursane vert gjevne til ei handfull trålarreiarar og landbruket vert bygd ned. Ferje- og snøggbåttilboda vert reduserte eller fjerna, og regjeringa vil bruka tvang for å slå saman kommunar og fylkeskommunar. Dette fører til at folk misser jobbane sine, det svekkjer demokratiet, skapar uvisse og utryggheit, og det vert nesten umogleg for mange menneske å etablera seg. No har folk fått nok!

Illustrasjonsfoto: Bent Sigmund Olsen

Raudt vil ha levande distrikt der folk kan bu, med verdiskaping og arbeidsplassar innanfor dei råmene som naturen set. Noreg er rikt på naturressursar som historisk har gjeve grunnlag for spreidd busetnad. Det bør vera eit mål å sørgja for strukturelle og økonomiske forhold som sikrar busetjing og ny vekst i distrikta.

Avfolking av distrikts-Noreg er inga naturlov, men kjem av at den økonomiske og politiske makta har funne det tenleg å sentralisera ut frå snevre økonomiske motiv. Samstundes gjer den teknologiske utviklinga at det er lettare enn nokon gong å bu og jobba i disktrikta.

Avfolking og sentralisering fører til kraftig vekst i dei store byane. Dette pressar bustadprisane i vêret, og krev storstila utbygging av ny infrastruktur. Denne utviklinga er ikkje dei som bur i byane tente med, og det er korkje fornuftig bruk av samfunnet sine ressursar eller berekraftig i eit miljøperspektiv. Raudt vil gjerne attreisa slagordet «By og land – hand i hand» for å visa at folk i byane og distrikta har felles interesse av å stoppa denne utviklinga.

Raudt vil arbeida for at kommunar og fylkeskommunar for økonomiske tilbakeføringar som sikrar eit desentralisert og fullverdig tenestetilbod. Det kommunale inntektssystemet må kompensera for ekstrakostnadar ved ein desentralisert struktur. Råmevilkåra for verksemder som baserer seg på råvarer frå jord, skog og fisk må styrkjast. Det trengst òg ein ny landbrukspolitikk som styrkjer distriktslandbruket.

Me vil seia opp EØS-avtalen, slik at me kan gjennomføra langsiktige og demokratisk utforma kraftavtalar som sikrar arbeidsplassane i kraftkrevjande industri og gjer det mogleg å utvikla ny industri. Energien frå norske kraftverk bør brukast i norsk miljøvenleg industriproduksjon, ikkje seljast til utlandet.

På Stortinget vil Raudt arbeida for ein ny politikk som har som mål å snu utviklinga, og leggja til rette for eit livskraftig distrikts-Noreg.