Stortingskandidatane

Raudt Sogn og Fjordane sine stortingskandidatar kjem frå heile fylket med folk frå både Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Lista viser stor breidde, både når det gjeld kjønn, geografi, arbeidserfaring og politiske interesser.

1. Geir Oldeide er 64 år og kjem frå Vågsøy/Kinn, der han sit i Kinn kommunestyre og formannskap. Geir har jobba innafor fiskeri og fiskeindustri det meste av sitt yrkesliv og har mange års erfaring som tillitsvald i fagrørsla. Han har lang erfaring med å vere folkevald for RV og Raudt, med mange svært gode valresultat opp igjennom.

2. Rita Tonning er 56 år kjem frå Vassenden/Sunnfjord. Rita har mange års erfaring i barnevernet (Bufetat). Ho er nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane og styremedlem i Raudt Indre Sunnfjord. Ho har mange års erfaring frå fagforeiningsarbeid, og ho har blant anna vore leiar av LO Førde og Omland og fylkessekretær i Fellesorganisasjonen. Kampane mot forskjells-Norge og mot privatisering av velferda, ser ho på som svært viktige. Fagforeiningsbakgrunnen gir også eit engasjement for arbeidslivspolitikk og at alle skal ha eit trygt arbeidsliv.

3. Stephan Øren er 36 år og kjem frå Årdal. Han jobbar som elektrikar i Hydro Energi og er leiar i Raudt Årdal. Stephan kom inn i Raudt i 2017 og var med på å stifte Raudt Årdal i 2018. Han kom inn i kommunestyret i Årdal i 2019, der partiet fekk 6% av stemmene. Stephan sit i styret i LO i Årdal. Han har eit breitt interessefelt, men brenn for at industrien i Sogn og Fjordane skal få best moglege vilkår for vidare drift. Det er og viktig i eit miljøperspektiv at me har industri basert på vasskraft i Norge.

4. Hanne Bjerkvik er 38 år og kjem frå Fure i Fjaler. Ho er utdanna kokk og har tatt over ein gard i Fjaler. Hanne er leiar i Raudt Dalsfjorden, og har vore aktiv i partiet i Nordland, som sekretær, leiar i lokallag, styremedlem i fylkeslaget og landsstyrerepresentant for Nordland fylke. Har også representert Raudt i fylkestinget som vara. Ho er veldig engasjert og likar utfordringar.

5. Sigbjørn Leirdal er 23 år og kjem frå Luster. Han arbeider som fagarbeidar i barnehage. Han er leiar for Sogn og Fjordane Raud Ungdom. Sigbjørn er engasjert i dyrevern og for dyras rettigheitar, mot vindkraft og for vasskraft. Han er engasjert i utbetring og utvikling av infrastruktur i Sogn og Fjordane og tykkjer også at kampen mot velferdsprofitt i oppvekstsektoren er svært viktig. Er også svært kunst- og kulturinteressert.

6. Marie Kronen Tveranger er 48 år. Ho bur i Florø , er utdanna barne- og ungdomsarbeidar og har jobba 20 år med barn og unge. Marie har vore engasjert i politikk sidan barndommen, inspirert av far sin som var politisk aktiv. Ho brenn for barn og ungdom sin oppvekst. "Dei sosiale skilnadene i vårt samfunn er altfor høge, dette kan vi med Raudt sin politikk gjere noko med!" er Marie sitt klare standpunkt. Arbeidsliv, med trygge og faste stillingar er ei anna fanesak for Marie. Som tidlegare leiar i Fagforbundet og LO Flora, har ho sett korleis arbeidsvilkåra for enkelte har blitt svekka.

7. Einar Rysjedal er 66 år og kjem frå Høyanger. Han har mange politiske hjartesaker, mellom anna kampen for eit sosialistisk samfunn som viskar ut klasseforskjellane og opererer innafor det økologiske systemet sine tolegrenser. Einar har også eit stort engasjement for Kampen mot vindkraft og for gjenoppretting av Sogn og Fjordane som eige fylke. Han er sekretær i LO Ytre Sogn, formannskapsmedlem i Høyanger og vara til Vestland fylkesting.

8. Aina Olin Engen er 34 år og kjem frå Byrkjelo, der ho er leiar i Raudt Gloppen. Aina jobbar på Sandane Lufthamn. Hennar politiske hjartesaker er økonomi, barnehage, skule og eldre.

9. Olve Steinset er 67 år, er pensjonist og kjem frå Svelgen. Han har heile livet vore ein tydeleg talsperson for eit sosialistisk samfunn. I dag er han særleg engasjert i kampen mot vindkraft.

10. Hege Terese Olsen er 44 år og kjem frå Årdal. Ho er hovudtillitsvald for Fagforbundet i Årdal kommune og er økonomiansvarleg for Raudt Årdal. Hege Terese har mange års erfaring frå fagforeinings- og tillitsvaldarbeid og er opptatt av at alle skal ha eit godt og anstendig arbeidsliv, der fagrørsla er aktiv og har ei sentral rolle. Ho seier ja til profittfri velferd og vil at alle menneske skal gis dei same moglegheitene til å leve eit godt og verdig liv, gjennom alle livsfasar.