Støtt sjukepleiarane ved Boganes og andre private sjukeheimar!
Sjukepleiarane ved private
sjukeheimar, som Boganes, er i streik. Dei streikar for ei anstendig lønn å
leva av og pensjon som kan sikra ein verdig alderdom. Desse englane, som sikrar
dei gamle eit verdig liv, har arbeidsgivarar som ikkje synest slike englar
sjølv fortener ein verdig alderdom.
Motparten er NHO Service. Dei byr
sjukepleiarane ein tariff som gjeld for ufaglærte i avtalen til Fagforbundet.
NHO Service må meina at sjukepleiarutdanning er verdilaus. Kanskje dei meiner
kvinner passar i eldreomsorg rett og slett fordi dei er kvinner, og ikkje treng
utdanning?
Private sjukeheimar driv med
kommunal støtte. Korfor skal dei då ha dårlegare lønns- og pensjonsavtalar enn
kommunalt tilsette sjukepleiarar? Me godtar ikkje at private får dumpa lønna
for å vinna kommunale anbud!
Alle som ønskjer kvalitet i
eldreomsorgen, er opptatt av likelønn og likebehandling av kvinner og menn, og
unner dei som står på i eldreomsorgen ei anstendig lønn og ein verdig alderdom,
må støtta sjukepleiarstreiken!
Uttalelse vedtatt av medemsmøtet i Rødt Stavanger, 29.01.10
Publisert: , oppdatert:

