Rødt

Raudt Voss

Vassmålarsaka

Artiklar skrive om arbeidet rundt vassmålarsaka i Voss kommune. Raudt stod i starten åleine som motstandar av innføring av tvungen vassmålar, men etter 2 års hard kamp og grasrotsorganisering vann me saka i 2007.

Vassmålar og lekkasjegaranti

Saka gjeld ein person som har sendt kommunen ein søknad om garanti etter § 51 i kommunelova. Fakta i saka er at kommunen har krevd innstallering av vassmålar, noko som medfører enorme kostnader for eigar. Sunn fornuft burde då tilsei at kommunen som er ansvarlege for denne enorme kostnaden stiller garantiar for at det ikkje vil koma fleire utgifter i framtida.
Kommunen har begrunna avslaget sitt med at dei har tolka lova slik at denne saka ikkje kjem innfor lovas verkefeldt.


Administrasjonen har i sine sakspapir lima inn odelstingsproposisjon nr.43 med liste over kva slags garantiar kommunar kan gje. Der slås det mellom anna fast at §51 i kommunelova berre omhandlar tredjemannsgarantiar. Derimot står det I boka 'kommuneloven med kommentarer frå 2001, fylgjande i kommentarar til lova: "Tidligere regulerte §51 bare tredjemannsgarantier. Ved endringsloven 7.juli 2000 nr.71 ble dette endret, slik at paragrafen nå omfatter garantiytelser generellt, med unntak av de såkallte egengarantier."

RV meiner difor at ein kan tolke lova slik at det er mogeleg for kommunen å gje garanti i dette tilfellet. Vidare meiner vi at kommunens høgaste organ (kommunestyre) pliktar å ikkje påføra dei me skal stå ansvarleg ovanfor unødige bekymringar. Me har allereide påført dei enorme kostnader, kostnader som kunne fått mang ein vossing til å måtte søka hjelp på sosialen i mange år frametter. RV fremja derfor fylgjande endringsframlegg:

1.Voss kommune innvilgar garanti etter §51 i kommunelova. Garantiens lengde og maksimumsansvar fylgjer makssatsane framsett av lova.
Framlegget vart nedstemt av kommunestyre mot RV og Frp sine røyster.

Vassmålar (innlegg i lokalavisa)

Torsdag 28.09 skal kommunestyre ta for seg det som kan sjå ut til å vera ei endeleg avgjerd i vassmålarsaka. I sakspapira som er lagt ut til offentleg gjennomsyn på politisk sekretariat kan me lesa at det 01.12.05 vart levert inn underskriftslister mot det tidlegare vedteke påbudet om innstallering av vassmålar. Dette er feil!


Underskriftslistene som vart leverte inn var ein del av eit innbyggarinitiativ, noko som etter lova betyr at kommunen er pliktig til å ta opp att saka innan 6 mnd, Kommunal og regioanaldepartementet skriv fylgjande om tidsfristen: "Det er ikkje tilstrekkeleg at kommunen berre har starta med saksførebuing i tilknyting til forslaget innan fristen på seks månader. Lova krev at kommunestyret eller fylkestinget må ha teke stilling til forslaget innan denne fristen". Dette er feil nummer 2 i sakspapira, ikkje ein einaste plass står det at kommunen har brote lova, kanskje dei ikkje trur at folk oppdagar den slags? Brot på lova vert ofte straffa hardt når det gjeld vanlege folk, men kva trur De skjer når det er det offentlege som snor seg?


Men kva er det med vassmålaren som er så fårleg? - Frå RV sin ståstad er det mange ting som stinkar verre enn råtten fisk i denne saka. Sjølve prinsippet om tvang er eit aspekt med stillar oss særs tvilande til. Når tvangen samstundes fører med seg at ein barnefamilie på 5 vert pålagde å betala for innstallasjon av ein vassmålar dei vert pålagde å leiga av kommunen, slik at vassavgiftene deirans vert høgare, ja då har RV eit stort problem med å sjå nytteverdien. No vil pampane ha det til at vassmålar vil løna seg for dei aller fleste, og det er fullt mogeleg at dei ikkje ligg så langt unna sanninga. For dei som er intereserte kan eg tipsa Dykk om ei såkalla vassmålarkalkulator som er lagt ut på Stavanger kommune sine nettsider. Konklusjonen min etter å ha testa den vert at alle einslege eller par med store hus vil tena på innstallasjon, medan alle andre vert skadelidande. Ja dette høyres ut som eit godt gjennomtenkt sosialt framlegg. Men det er også fleire aspektar i saka som handlar om rein ideologisk tenking. Lat oss spyrja oss kva me er med på å opna opp for.
Er det slik at ein no opnar opp for ei kommersialisering av vatnet vårt? NVE har tidlegare hevda at Noreg er så rikt på ferskvatn at me kan forsyna heile kloden med drikkevatn. Er det vatnet vårt som skal bli vår nye eksportartikkel?


For å kunna kommersialisera vassforsyninga er det naudsynt med to faktorar, eit samanhengande leidningsnett og måling av forbruk. Når dette er på plass er det fritt fram for liberaliseringselskarar i stortingsklede å gjera det same med vatnet vårt som dei har gjort med straumen vår.


Til slutt ei lita oppmoding til alle motstandarar av tvungen vassmålarinnstallasjon, møt opp i fraktgodsen kl. 15 på Torsdag og syn politikarane kva De meinar.


Bjarte Kaldestad

Voss RV

Posta den 03-10-2006 at 17:02