Rødt

Raudt Voss

Program 2007-2011

Raudt Voss sitt Program 2007-2011

Raudt Voss sitt Program 2007-2011

Raudt er eit nytt parti som vart stifta 11. mars 2007 av RV, RU, AKP og tidlegare partilause. Av valtekniske årsaker nyttar partiet namnet Raud Valallianse fram til fyrste oktober 2007.

Yt etter evne – Få etter behov!

Det viktigaste verktøyet for utføringa av Raudt sin politikk, er folk sin eigen innsats. Difor må folk sjølv ta tak i saker. Me har ingen tru på at byråkratiet og politikarane åleine kan snu samfunnsutviklinga eller å laga ein politikk som er utforma for å gagna folk flest. Raudt vil sloss for eit samfunn der folk aktivt er med å styra sin eigen kvardag, eit samfunn der folk yt etter evne og får etter behov!

Kultur

Raudt ynskjer auka satsing på kultur gjennom

offentleg stønad.

Raudt Voss vil kjempa for:

Styrking av biblioteket

auka satsing på kulturskulen

auka bevilgningar til iddrottslag, og andre som tilbyr fritidsaktivitetar for born og unge.

Miljø

Dei menneskeskapte klimaendringane er ei stor utfordring. Voss kommune må ta sin del av løftet for å snu utviklinga:

Raudt Voss vil:

- Bygga fjernvarmeanlegg i sentrum, basert på varme frå grunnvassanlegg eller bioenergi.

- Sørgja for at det vert utarbeid klimarekneskap for avdelingane i kommunen, og at alle tiltak som kan redusera utsleppa vert vurderte.

- Laga lokale ordningar som stimulerar og hjelper folk til energisparing og reduksjon av utslepp.

- Utarbeida ein lokal klimahandlingsplan, for lågare energibruk og lågare klimagassutslepp.

Skule

Raudt Voss er for ein skule som set kunnskap i høgsetet. Skulevesenet må ha som mål å danna elevane til kritiske og handlingsdyktige menneske. Det kan ein berre gjera ved å formidla kulturarven så breitt og djupt som råd er, på tvers av alle ismar og ideologiar. Dei tre siste tiåra har nyliberalismen prega samfunna i den rike verda. Det har gjeve utdanningsreformer som i aukande grad øydelegg kvaliteten på opplæring og

oppseding. Nyliberalisme reduserer kunnskap til teknisk kompetanse,handling til manipulerbar åtferd, elevar til økonomiske innsatsfaktorar og kultur til kostnadstung ulempe. Raudt Voss er sterke motstandarar av denne tendensen

Raudt Voss vil:

Forsvara einskapsskulen og grendaskulane.

- Gå mot bruk av resultatløn for lærarar, av di det øydelegg motivasjon og hindrar samarbeid.

- Krevja auka lærartettleik og betre arbeidsmiljø for elevar og lærarar.

- Slåst for løyvingar som gjer det mogeleg å følgje lovverket.

- Ta del i dei masseaksjonane som er naudsynte for å forsvara skuleverket

Barnehagar og SFO

Regjeringa meinar at full barnehagedekning betyr at 80% av borna har eit tilbod. Raudt meinar at full dekning er 100%. Alle som har behov for barnehage eller plass i SFO må få lovfesta rett til dette.

Raudt Voss krev:

- 100 prosent dekning for barnehage og SFO.

- Tilbod om norskopplæring for innvandrarar i barnehagen.

- At alle tilsette i barnehagar og SFO, uavhengig av utdanning må få tilbod om tariffavtalar.

- Minimum ein tilsett per fire born i barnehagen.

Omsorg og helse

Dårleg kommuneøkonomi skal ikkje gå utover at bebuarar på sjukeheim får dekt sine behov.

Raudt Voss meiner at alle har rett til:

- Einerom eller å bu saman med den dei ynskjer.

- Å stå opp og leggje seg når dei ynskjer det.

- Velja sine eigne kle, og elles alltid bli møtt med respekt og tid.

Mottakarar av kommunen si heimeteneste har rett til å:

- Bu i sin eigen heim så lenge det er medisinsk forsvarlig.

- Få hjelp basert på eigne behov, ikkje kommunen sin økonomi.

- Ha eit fåtal hjelparar å forhalda seg til.

Tilsette på sjukheimar og i heimetenesta har rett til:

- Trygge tilsetjingsforhold.

- Ynskt stillingsbrøk.

- Tilstrekkeleg bemanning kvar dag.

- Mindre grupper faste pasientar/brukarar per dag.

- Faglege rettleiing.

Samferdsel

Raudt Voss vil arbeide for betre og meir miljøvenleg samferdsle.

Raudt Voss vil jobba for:

- Opprusting av Vossebana til timesruter, og høgare kvalitet.

- Samanhengande sykkelvegnett.

- Betre transporttilbod for funksjonshemma og alle som ikkje har tilgang til bil.

- Betre rassikring og trafikktryggleik.

Fattigdom

Fattigdom er diverre eit tema som får lite fokus på Voss. Det er likevel eit fakum at også i vår kommune fins bustadslause og fattige. Desse menneska har krav på eit anstendig liv. Statens institutt for forbruksforskning slår fast at minimumssatsen ein einsleg person over 25 år treng for å leva eit anstendig liv er 5750 kroner i månaden. På Voss ligg denne satsen i dag på 4500 kroner.

Raudt Voss krev at:

- Sosialsatsane vert auka til Statens institutt for forbruksforskning sine satsar.

- Det vert bygd fleire billige kommunale bueiningar.

- Fleire stillingar må opprettast i sosialtenesta og dei førebyggjande tenestene.

Arbeidsliv og næringsliv

Raudt Voss går mot planane om vidare utbygging av AMFI sitt kjøpesenter i Haugamoen. Me ynskjer oss eit levande sentrum fritt for spekulative innrykk av storselskap.

Raudt Voss meiner at:

- Alle tilsette i kommunen og næringslivet skal kunne leva av inntekta si.

- Seks timars arbeidsdag bør vera det normale.

- Vangsgata må gjerast om til gågate så snart det nye parkeringsanlegget står ferdig.

- Det må verta lettare for folk å skapa sin eigen arbeidsplass.

- Fagforeiningar og tilsette må i større grad involverast i drifta av kommunale og private verksemder.

Landbruk

Raudt Voss er for eit sterkt landbruk som baserer seg på lokale ressursar i distriktet, og som driv innanfor økologisk forsvarlege rammer. Me meiner at jord- og skogbruk ikkje berre er viktig for dei som driv i næringane, men for heile samfunnet.

Raudt Voss vil kjempa for:

- Auka løyvingar frå staten til primærnæringane.

- At økologisk jord- og skogbruk vert oppmuntra gjennom særskilde stønadsordningar.

*

Statlege stønadstiltak som kompenserer det bøndene tapar ved at ein opprettheld levedyktige bestandar av rovdyr.

Kommuneøkonomi

Me meiner at dei offentlege tenestene er ei berebjelke både for at folk flest kan ha eit verdig liv, og for at me kan ha eit nokolunde sivilisert lokaldemokrati.
Staten har i årevis tynt kommuneøkonomien, og samstundes er dei fleste velferdstenestene i dag kommunane sitt ansvar. År etter år har kommunesektoren fått ein stadig mindre del av kaka. Delen av brutto nasjonalprodukt som går til kommunane var i 1999 12,8%, i 2005 hadde det minka til 9,6%
M.a. har ordninga med delfinansiering av utbyggingsprosjekt som omsorgsbustader, sjukeheimsplassar og barnehagar, ført til store gjeldsbører for kommunane og fylka.
Nye reformer må i framtida fullfinansierast !

Kommunenoreg er prega av:
Nedskjering, privatisering, konkurranseutsetjing, brutalisering av det kommunale arbeidsmiljøet, senka kvalitet på tenestene, auka eigenbetaling, større sosiale skilnader.

Kampen for auka løyvingar til kommunane er difor den viktigaste saka for Voss RV dei neste fire åra.
Me veit at denne kampen berre kan få eit vellukka utfall om vanlege folk engasjerer seg og organiserer interessene sine utanfor kommunestyra.

Raudt Voss vil:
• At dei Statlege overføringane aukast slik at dei dekkjer kommunen sine kostnader til lovpålagde oppgåver.
• At Staten slettar gjelda til kommunen.
• At kommunen sin del av skatteinntektene aukast kraftig
• At kommunen vedtek budsjett utifrå befolkninga sine behov for tenesteyting. Kravet til budsjettbalanse kan ikkje overordnast behovet for gode velferdsordningar.
• Kjempe mot ei utvikling med privatisering og markedsretting av kommunal forvaltning.
• Ha innbyrdes samarbeid mellom kommunane for å hindre at staten sin spare- og privatiseringspolitikk blir gjennomført.
• At offentlege selskap skal drivast til det beste for folk flest, og ikkje etter aksjeloven.
• gjennom undersøkjingar mellom tilsette og brukarar i kommunen finna ut korleis tenestene kan bli betre
• gå mot eigedomsskatt på vanlege bustader.
• at kommunen skal vera ein aktiv eigar av eigedom og verksemder
• redusera ordførarløna, for å minka avstanden mellom politikarar og vanlege folk.