Politikk
Raudt
er eit
revolusjonært arbeidarparti, som byggjer mykje av politikken sin på
Karl Marx`teoriar. For oss i Raudt
tyder revolusjon at folk sjølv skal ta styringa over framtida si, og
ikkje lata seg underkua av rike multinasjonale selskap,
enkeltpersonar, eller staten som kun jobbar for dei rike. Me vil ha
slutt på at arbeidarane skal betala for at dei rike skal få meir!Raudt meiner at det er folket som eig staten, og ikkje staten som eig folket. Difor meiner me at det er ein del av vår (folket sin) eigedom som forsvinn når stat eller kommune privatiserar. Privatisering skjer ofte som ein konsekvens av ynskje om "effektivisering". Diverre er dette for veldig mange arbeidsfolk synonymt med arbeidsløyse eller nedskjeringar. Raudt meiner me allereie har for mange arbeidslause her i landet. Me meiner det er feil når private multinasjonale selskap overtek vår felles eigedom og rikdom.
Det er vår felles oppgåve å ta vare på ungar, arbeidslause, fattige, sjuke og eldre. Me kan ikkje selja ansvaret vårt til private rikingar som berre er interesserte i å tyna ut mest mogeleg pengar.
Meir om Raudt's politikk finn du på Raudt sine sentrale sider her.
