Rødt

Raudt Voss

Raudt Voss vil ha Gaza-debatt

Foto: Latuff
Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse (by-nc-nd)

Gruppeleiar for Raudt sine representantar i Voss kommunestyre har sendt inn ein interpellasjon/privat framlegg addresert til ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik. Bakgrunnen for interpellasjonen er at måndag 31.mai vart skip fra den internasjonale naudhjelpsflåta "Freedom Flotilla" borda i internasjonalt farvatn av israelske soldatar. Det tragiske resultatet vart 9 drepte og mange hundre personar vart fengsla og ikkje sluppe ut før dei skreiv under på at det dei hadde gjort var eit brotsverk mot staten Israel.

I interpellasjonen frå Raudt står det fylgjande:

No reagerer stadig fleire på Israel sin langvarige okkupasjon av Gaza og Vestbreidden og blokaden av Gaza. Mellom anna har fleire bydelar i Oslo gått inn for ei boikott linje av Israelske varer.
Sidan den norske regjeringa framleis er nølande med sanksjonar mot Israel, bør det tas lokale initiativ.


Vil ordføraren på Voss stø fylgjande framlegg:
Voss kommunestyre reagerer med avsky på den israelske blokaden av Gaza og den militære aksjonen mot fredsflåten 31.mai.
Voss kommunestyre tar med dette initiativ til å opprette venskapsamband med Gaza og oppmodar til lokal boikott av israelske varer til blokaden av Gaza er heva.

Lenkje til presseoppslag

Publisert: , oppdatert: