Rødt

Raudt Voss

Ja til fortsatt varig vern av Raundalselva

Foto: Bjarte Håkon Kaldestad
Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse (by-nc-nd)

I perioden 27- 30 mai avheldt Raudt sitt 2. ordinære landsmøte. På landsmøtet, der Bjarte Kaldestad var delegat frå Voss, vedtok me mellom anna denne fråsegna:

Ja til fortsatt varig vern av Raundalselva

Sterke kapitalkrefter i form av kraftselskapa BKK og Voss Energi har saman med politisk og administrativ leiing i Voss kommune fremja planar om kraftutbygging av Raundalselva, som er ein viktig del av det varig verna Vossovassdraget. Elva er ikkje berre ein sjeldan naturperle og viktig brikke i eit mangfaldig økosystem, men også eit sjeldan godt eksempel på korleis fritisinteresser og miljøinteresser kan gå hand i hand.

I dag vert elva sett på som ein av nordeuropas beste elvar for elvepadling og rafting, og har i dei seinare år tilført Voss kommune store verdiar i form av grøn turisme. Laurdag 22.mai gjekk 400 personar ut i gatene på Voss for å protestera mot desse planane, Raudt vil med dette synleggjera sin støtte til demonstrantane og vil oppmoda sentrale og lokale myndigheiter om å skrinleggja planane.

Publisert: , oppdatert: