vêr med å lag vårt nye program
Raudt Voss inviterer alle, også dei som ikkje er medlemmar av partiet til å vera med på utforminga av nytt lokalprogram. Sidene som er sett opp i samband med dette er wiki-baserte, noko som gjer at alle kan endra på sidene.
Det er no berre litt over eit år igjen til eit nytt kommunestyre skal velgjast på Voss. I samband med dette starter no Raudt Voss på arbeidet med å lage eit nytt lokalprogram for perioden 2011 - 2015. I førre valkamp sette Raudt Voss, som einaste parti på Voss opp eit eige ope forum, der alle kunne gå inn å koma med innspel til lokalprogrammet. Denne gongen har me valgt å ta det heile eit steg vidare, og inviterer alle innbyggarane på Voss til å endre på programmet direkte gjennom våre wiki-sider. Du må registrera deg for å kunne endre på sider.
Du kan anten nytta wiki-sidene frå denne sida, som er integrert gjennom iframe, eller du kan nytta denne adressa.
Publisert: , oppdatert:

