Nyheter
Monstermastar i Hardanger
Etter ein 5 års periode med sakleg informasjon og protest, måtte Folkeaksjonen i Hardanger innsjå at regjeringa framleis meiner at kortsiktig profitt er eit mål i seg sjølv. Terje Riis-Johansen kunne på ein pressekonferanse i går , fredag 02.07.2010, redegjera for at det ikkje fantes alternativ til monstermastane, og at utbygginga måtte finne stad av hensyn til Bergens regionen.
Støtt opp om Hagahaugen
Tilsette ved Voss Rehabiliteringssenter inviterer til markering mot
Helse Vest si avgjerd mot vidare drift. Markeringa finn stad på torget 22.06. kl 18:00. Raudt Voss vil oppmoda alle medlemmar og sympatisørar om å møta opp.
Raudt Voss vil ha Gaza-debatt
Gruppeleiar for Raudt sine representantar i Voss kommunestyre har sendt inn ein interpellasjon/privat framlegg addresert til ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik. Bakgrunnen for interpellasjonen er at måndag 31.mai vart skip fra den internasjonale naudhjelpsflåta "Freedom Flotilla" borda i internasjonalt farvatn av israelske soldatar. Det tragiske resultatet vart 9 drepte og mange hundre personar vart fengsla og ikkje sluppe ut før dei skreiv under på at det dei hadde gjort var eit brotsverk mot staten Israel.
Ja til fortsatt varig vern av Raundalselva
I perioden 27- 30 mai avheldt Raudt sitt 2. ordinære landsmøte. På landsmøtet, der Bjarte Kaldestad var delegat frå Voss, vedtok me mellom anna denne fråsegna:
Folket seier nei til utbygging av Raundalselva
I underkant av 400 personar møtte Laurdag opp for å syna si motstand mot utbyggingsplanane til Voss kommune, Bkk og Voss energi. Initiativtakarane var Ekstremsportveko og Voss naturvernlag, men mange andre organisasjonar og lokale politiske parti støtta også opp om demonstrasjonen.
Demonstrasjon for vidare vern av Raundalselva
Appellen startar på Torget kl 14.00. Demonstrasjonstoget går deretter gjennom ein runde i sentrum, og det heile tek omlag ein time.
vêr med å lag vårt nye program
Raudt Voss inviterer alle, også dei som ikkje er medlemmar av partiet til å vera med på utforminga av nytt lokalprogram. Sidene som er sett opp i samband med dette er wiki-baserte, noko som gjer at alle kan endra på sidene.
