Miljøgiftar
Interpellasjon om dumping av miljøgiftar i Vangsvatnet
Bakgrunnen for denne interpellasjonen ligg i eit arbeid utførd av lokale miljøvernarar og no i seinare tid Norges Miljøvernforbund. På nettsida voss.miljostatus.no skriv ein om uheldige dumpingar, og inrømmer at det er funnen asfalt, eternitt og betong restar i strandlina.
Diverse miljøaktivistar har i kontakt med underteikna fortalt om liten vilje frå kommunalt hald til å gje frå seg sakspapir som omhandlar løyve til denne dumpinga.
Etter at denne saka vart gjort kjend gjennom skriveri i lokalpressen, har det vorte hevda at området no er rydda. Likevel observerte underteikna og eit utall andre personar under Voss Cup, asfaltrester som låg synlege i strandkanten.
Spørsmåla mine til ordføraren er fylgjande:
Meiner ordføraren at Voss kommune har gjort noko klandreverdig i denne saka?
Har Voss kommune halde tilbake informasjon, slik enkelte miljøaktivistar hevdar?
Kor står denne saka i dag, og kva vert gjort for å forhindra liknande saker i framtida?