Rødt

Raudt Voss

Jolebodskapen frå kommunen

Jolebodskapen frå kommunen

Det
skjedde i dei dager at budsjettkammeratane frå SV, SP
og AP kom saman for å laga kommunebudsjett for år
2005. Det gjekk ut befaling til
rådmann om å laga eit stramt budsjett. Denne fyrste
innskrivning av budsjettet
protesterte budsjettkammeratane imot. Og alle drog av stad for
å endra på
budsjettet. SV,
SP og AP kom saman, og
snikra i saman eit revidert budsjett. Eit budsjett som ikkje gav plass
for
korkje skule i Raundalen eller auka rammetilskot til dei allereide
overarbeidde
kommuneavdelingane.

Det
var nokre som protesterte
kraftig mot budsjettkammeratane sitt usosiale og
løftebrytande
budsjettframlegg. Men
dei tre store sa
seg imellom "Frykt ikkje! Me kjem til folket med bod om stor glede, ein
glede for heile folket” . Budsjettkammeratane
hadde nemleg funne plass
til å freda ein barnehage, og då gjer det jo ikkje
noko om det resterande
budsjettet førte til at ikring 30 personar får
arbeidsløyse i julegåve.
Med
eitt var budsjettkammeratane omgitt av eit
nesten samla kommunestyre, som lovpriste budsjettet og sång:

"Ære
være budsjettet og
fred på jorden kring menneske som har budsjettkammeratanes
velbehag."


kommunestyret minus RV
hadde vedteke budsjettet. Og alle unnateke RV, Høgre og FrP
hadde brote sine
valgløfter ovanfor folket, sit ein tilbake med eit budsjett
som fører til at
mange menneske i bygda vår misser jobben sin. Mange eldre og
yngre mennesker
med behov for støtte og hjelp får
kvalitetsreduksjonar i hjelpa si. Og endåtil
må skuleungar forlata skulen sin.

Posta den 17-12-2003 at 17:39