Budsjett 10
Torsdag 10.12 var det budsjettdebatt i Voss kommunestyre. Der vart det snekra saman eit lappeteppe av eit budsjett frå dei borgarlege samarbeidspartnarane Ap,SV og SP. I budsjettet som vart vedteke mot Raudt, Høgre og FrP sine røyster vart det mellom anna bestemt at det skal innførast eigedomskatt i heile kommunen samt ein relativt høg generell avgiftsauke. Desse ekstra utgiftene tek ikkje omsyn til inntekt og/eller formue, og vil såleis ramma dei svakaste mest. Ein av representantane frå middelklassepartiet SV har tilogmed fått seg til å seie i tidlegare debatt om eigedomsskatten at alle har råd til å betale litt ekstra for å få eit budsjett i balanse. Det er frykteleg synd at eit parti som for 20 år sidan var eit arbeidarklasseparti no så tydeleg er vorte middelklassens talerøyr også på Voss. Raudt starta forøvrig debatten med å få kommunestyre til å røyste over fylgjande utsetjingsframlegg:" Budsjetthandsaminga i Voss kommune vert utsett til etter kapitalismens fall". Dette framlegget fekk diverre berre Raudt sine 2 røyster.
Under fylgjer utdrag av mitt bidrag under budsjettdebatten:
Den sosialdemokratiske regjeringa vår har planlagt at kommunane skal gå med eit underskot i 2010 på 19.1 mrd. I stortingsmelding nr 1 – Nasjonalbudsjett 2010 – side 220. er det ein tabell som viser Kommuneforvaltningas inntekter og utgifter. Denne tabellen syner eit anslått underskot innan kommunesektoren i 2010 på 19 076 millioner, altså 19 milliarder og 76 millioner.- Har ei slik regjering krav på budsjett-disiplin fra kommunene? Raudt meiner NEI! og då meiner raudt at det er feigt av oss som kommunalt folkevalgte å sparka nedover mot velgarane våre, når det heilt tydeleg er dei over oss som gjer noko riv ruskande gale. Me må ansvarlegjera dei ansvarlege.
Statbudsjettet fortel oss at det er ein ein reell vekst i kommuneøkonomien på 2%, dette er kun eit festtale tal, ettersom økonomane i direktorotet har gløymt å ta med reell vekst i utgifter. Noko som mellom anna fører til det underskotet regjeringa sjølv har teke med i stortingsmelding 1. Regjeringa bløffar, og har absolutt ikkje krav på nokon slags lojalitet frå oss! Hadde det vore litt tak i oss hadde heile kommunestyret satt seg på toget til oslo, lagt oss i telt framfor stortinget og nekta å gå derifrå før galskapen er retta opp i.
Er det ein umulig tanke å kreva at staten skal auke kommunanes inntekter i 2010 såpass at det kommunale underskotet på 19 mrd, blir borte? Er det ”farlig” å redusera staten sitt overskot frå 174 mrd. til 155 mrd. neste år? Til samanlikning var det ikkje ”farlig” at Statens pensjonsfond – Utland tapte 636 mrd. på internasjonale aksjebørsar i 2008. -Den gong var det berre Raudt som yttra seg.
Raudt vil på bakgrunn av regjeringas svik ovanfor kommunane fremja fylgjande primær framlegg:
1.Alle bør-tiltak frå alle kommunalavdelingar skal bakast inn i budsjett og økonomiplan med tanke på gjennomføring i 2010. Inndekning skjer gjennom skattenekt til staten.
2. All eigedomsskatt i Voss kommune skal vekk
Dersom politikarane i Voss kommune ikkje tør å protestera har me fylgjande sekundærframlegg i balanse:
Inn i budsjettet:
Alle bør tiltak frå sosialavd. 2,8 millionar
Auka grunnbemanning institusjon 1,5 millionar
Reservepost barnevern 1 million
Oppretting av 1 ny heil stilling utekontakt/førebyggjande ungdomsarbeid 0,5 millionar
3 nye lærarstillingar i grunnskulen 1, 5 millionar
auke i sosialstønadssatser til SIFO nivå 2,2 millionar
sum auka utgifter= 9,5 millionar
Inndekking:
Auka utbytte Voss energi til 12 millionar – 5 millionar auke
Ostehøvelprinsipp politisk/folkevalgt - 1 million auke
kutt it + oppgradering av lisensar og felles it system/overgang til
lisensfritt open kjeldekode innan it. - 3,5 millionar auke
Sum inndekning: - 9,5 millionar
Framlegget føreset at det i den nyoppretta prosjektstillinga nye IT-system første halvår 2010 vert tilsett ein person med kompetanse innan linux/unix.
