Rødt

Raudt Voss

Budsjett 08

budsjett-08

Posta av bjarte kaldestad 14-12-2007 kl 13:20

Raudt Voss sitt innlegg under budsjettdebatten



Me har ei såkalla raud grøn regjering her i landet, sjølv om me i Raudt finn korkje raude eller grøne trekk med politikken deirans. Men denne regjeringa har iallefall uttala at det ikkje skal vera grunn til å skjera ned korkje innan helse og omsorg eller skule. Mellom anna kan det vera greit å hugsa kva soria moria erklæringa byrja med i kapittel 6: «Regjeringen anser en sterk og sunn kommuneøkonomi som en forutsetning for et godt velferdstilbud i hele landet.» Fylgjer ein målsetningane til regjeringen skulle me i Voss kommune i dag hatt 40 fleire årsverk-stillingar innan helse og sosial sektoren, og meir enn 10 fleire årsverk innan skulesektoren.
Men Regjeringa har svikta, og eg finn det merkelig at partier som kaller seg raude kan gå god for ein slik imperialistisk politikk me ser i dag. I staden for å investera i menneskelege verdiar, vert det investert 100 vis av milliardar i multinasjonale miljøverstingar og våpenprodusentar. Realauken i frie inntekter til kommunane er i 2007 på 2,7%, dette høyres jo bra ut, og det hadde vore ok, om ein ikkje måtte ta med seg auka utgifter, nedbetaling av tidlegare underskot og generellt forfall som har pågått i meir enn 20 år.



Det denne regjeringa ikkje heilt har forstått endå er at pengar ein investerar i utanlandske selskap til sjuande og sist vil henga saman med vår eigen økonomi i dagens globaliserte turbokapitalisme. Inflasjonsfaren er dermed på sikt like trugande når ein invisterar i amerikanske selskap som i norske skular. Med andre ord vil ein på sikt ha både bedre kontroll og bedre effekt av å investera pengane her heime. Og hadde desse fine dresskledde millionærane i regjeringa hatt litt tru på lokaldemokratiet, så hadde nok investeringane også komme. Noko er forferdeleg gale med prioriteringane når regjeringa bruker meir pengar på 500 soldatar i Afghanistan enn på 14000 innbyggarar i Voss kommune. For å få tullingane til å skjønna alvoret må me syna dei at me ikkje er nikkedukker!



Mange trudde at då me fekk ei raud grøn regjering kunne me slappe av, og fordelinga ville bli annleis. Men det å bytta ut folka i kapitalforvaltninga vil ikkje åleine skapa eit betre og meir rettferdig samfunn. Kapitalens interesser vil framleis styra utviklinga. Og så lenge det er kapitalen som styrer samfunnsutviklinga, og ikkje behova, vil ikkje demokratiet fungera demokratisk. Kapitalismen er ein multinasjonal kraft som den norske regjering ikkje åleine kan bekjempa. Kapitalismen fører til dei evige runddansar av typen: grunna høg lønsvekst settest avgifter opp, og grunna avgiftsaukane lyt lønningane opp endå meir. Det er kapitalismen som er årsaken til nedskjeringane i budsjetta våre. Kapitalavkastarane krev sitt og dette går utover alle dei kapitalsvake i samfunnet vårt. Einar Gerhardsen som ein gong i tida tilhøyrte eit sosialistisk arbeidarparti sa ein gong i ein tale på youngstorget tidleg på 1920 talet: ”Det er ingen aktivitet blant oss, vi er altfor skikkelige” I samme talen oppmoda han også arbeidsfolk om å kreva sin rett gjennom oppvigleri mot staten. Dette fekk han 120 dagers fengsel for. Raudt vil oppmoda kommunestyret på Voss om å vera modige nok til å ta oppmodinga frå Gerhardsen.




Ellers kan budsjettframlegget oppsummerast med fylgjande ord, Nedskjæringar. Me får dårlegare omsorgstenester, dårlegare skular, dårlegare kulturtilbod, ja stort sett alle i kommunen unntatt politikarane får det dårlegare neste år. Eg har stor forståelse for dei velmeinande av Dykk som har forsøkt å få til eit budsjett i balanse, eg har sjølv sutte med kalkulatoren heime og forsøkt å få dette til å gå ihop. Men rammene me har strekk rett og slett ikkje til utan store kutt.
Men på eit par punkt finn eg ytterlegare innsparingspotensisale. Nr. 1 er sjølvsagt politikargodtgjersla. Her føreslår me fylgjande:



Møtekompensasjon får politikarar i utval vert sett til kr. 80 pr dag, som tilsvarar naudhjelpsatsen for ein sosialhjelpsmottakar.



Ordførarlønninga setjast til 320000,- kroner pr år, som tilsvarer omtrentleg gjennomsnittleg industriarbeidarløn.



Me ser og at det er mogeleg å endra på skattereglane for eigedomskatt:



Alle hytter i voss kommune på over 100 kvm skal ilignast eigedomskatt på lik linje med hus.



Det skal gjevast frittak for eigedomskatt for folk som har privat vegførekomst på over 100 meter fram til eigedomen sin.



På side 133 i rådmannens budsjettframlegg, øverst på sida, under grunnskule pc kjøp. Her brukes det 1 900 000 kroner til kjøp av 200 maskiner. Dette gjev ein snittpris på 9500 pr. pc. Om ein her hadde kjøpt billegaste pc på markedet i dag, ein linux laptop med ferdig innstalert programvare, ikkje ulik den det franske parlamentet bruker, ville total kostnad for desse pcane vore ca 550 000 kroner, altså ein innsparing på 1 350 000 kroner.
Me føreslår difor:



Alle innkjøp av nye pc'ar i kommunal drift skal godkjennast i eige sak av kommunestyret.



Når dette er sagt vil likevel vårt hovudbudskap vera « gjer opprør»! Vårt subsidiære framlegg til nytt 2008 budsjett vert:



Alle bør tiltak frå alle kommunalavdelingar vert arbeida inn i budsjettet. Finansieringa av dette skjer gjennom skattenekt til staten.



Og heilt til slutt eit verbalframlegg som eg vonar kommunestyre kan støtta:



Voss kommune skal forsetja sine samtaler med ungdommen med tanke på å få på plass eit ungdomshus på Vangen