Budsjett 07
Kommunebudsjettet
for 2006
er vedteke, som vanleg mot RV's eine røyst. Her finn du eit
utdrag av RV's bidrag I budsjettdebatten:
I fjor stod eg på denne talerstolen og sukka over nok eit budsjettframlegg med
nedskjeringar. Mange av Dykk nikka då med hovudet og var einige i at dette var
fælt, SV gjekk endåtil so langt at dei trua med å stø RV’s
linje til neste år om ikkje situasjonen betra seg.
No har situasjonen betra seg noko. Kommunen får større statlege
overføringar, og nedskjeringane i budsjettet er kkje like store som før. Men RV jublar ikkje av den grunn.
Me har fått ei ny regjering som har uttala at det ikkje skal vera grunn til å
skjera ned korkje
innan helse og omsorg eller skule. Det denne regjeringa ikkje heilt har
forstått endå er kor ille det har stått
til i kommuneøkonomien kring i landet
vårt. Så dei skarve 5,5 milliardane dei har gjeve
ekstra til kommunane er langt
ifrå nok. LO og RV fremja krav om 10 milliardar ekstra under
valkampen, dette
meinte regjeringspartia var urimeleg mykje. Men for at me skulle
fått i hop eit
budsjett i dag utan nedskjeringar, og samstundes starta på ei
naudsynt opprustning
i kommuneavdelingane hadde 10 milliardar vore eit minimum av kva
kommune norge
hadde trengt. Mange
trur at me no kan slappa av, me har fått ei ny og meir sosial
regjering. Men
det å bytta ut folka i kapitalforvaltninga vil ikkje
åleine skapa eit betre og
meir rettferdig samfunn. Kapitalens interesser vil framleis styra
utviklinga.
Og så lenge det er kapitalen som styrer samfunnsutviklinga
vil ikkje
demokratiet fungera demokratisk. Kapitalismen er ein multinasjonal
kraft
som den norske regjering ikkje åleine
kan bekjempa. Kapitalismen fører til dei evige runddansar av
typen: grunna høg
lønsvekst settest avgifter opp, og grunna avgiftsaukane lyt
lønningane opp endå
meir. Det er kapitalismen som er årsaken til nedskjeringane i
budsjetta våre.
Kapitalavkastarane krev sitt og dette går utover det
offentlege altså folket.
Over til
budsjettet:
I år har
me nedskjeringar innan ein rekke felt. Helse og omsorg.,
Vaksenopplæring,
kursmidlar etc…etc.. Men endå verre er det nesten
at det ikkje er rom for
opprustning i kommunalavdelingane. Eit stort pluss er det at
barnehagane skal
opp igjen på 2005 nivå. Eit av
dei verste punkta eg vil framheva er sosialstønaden som i
1998 vart sett til 1G
som då var kroner 42500. I år 2006 ligg
sosialsatsane våre framleis på same kronetal,
medan 1G er oppjustert til over 60 000 kroner. For RV er det
eit krav at
sosialsatsane må tilbake til 1998 nivå,
altså 1G. Eit anna
framlegg frå RV i år er å auka
reserveposten til kommunestyret. Me veit alle at
det vil komma uforutsette utgifter, det gjer det kvart år. Og
når me no veit at
den famøse vassmålarsaka skal opp att på
nytt, må me vera budde på
erstatningskrav. Her bør det elles nemnast at eg
sjølv ikkje var med å vedtok
denne skampletten. Eg vonar kommunestyret i dag skjønar kor
i uttakt med folket
dei var då dei i 2003 vedtok å gjera det mogeleg
å kommersialisera vatnet vårt.
Dessutan syner tal frå ei rekkje kommunar at kommunane
får tapte inntekter
grunna vassmålarsystemet. Så på mange
måtar har dette vorte ei tap-tap
situasjon. På inntektsida
finn RV pengar å spara i IT sektoren med å seie opp
microsoft lisensane, og
heller gå over på Linux eller annan open
kjeldeldevare. Bergen , Sarpsborg,
Larvik for ikkje å nemna eit land som venezuela har gjort
dette. Ikkje berre
for å spara pengar, sjølv om det utan tvil er peng
å spara. Men også for å vera
aktivt med på å nedkjempa Microsoft si monopol
stilling i dag. Dessverre trur
me i RV at det er svært få av representantane i
kommunestyre som veit kva Linux
er for noko, og ser lite håp om å få i
gang eit slikt prosjekt før til neste år.
RV foreslår difor fylgjande:
Kommunestyre
ber administrasjonen om å koma attende til kommunestyre med
ei utgreiing om kva
økonomiske fylgjer det vil få for
kommunen
å gå over til open kjeldevare innan IT sektoren.
RV sitt
hovudframlegg vil tradisjonen tru vera:
Alle
bør-tiltak frå alle kommuneavdelingar må
arbeidast inn i budsjettet. Pengane
til desse formåla finn me ved skattenekt til staten.
Dette
fordi me gjennom skattenekt syner at me ikkje vil vera med på
kapitalismegaloppen som sakte men sikkert fører samfunnet
vårt stadig nærare
avgrunnen.
Når det
gjeld skulestrukturen, meiner RV det er heilt hol i hovudet å
bruka peng på
konsulentverksemd, samstundes som ein ausar ut peng til
konsulentverksemd
angående kommunestrukturen. Alle med litt iq bak pannebrasken
skjønar at det
vil verte nye skulestrukturdebattar etter ei eventuell
kommunesamanslåing.
Posta den 18-12-2005 at 16:26