Arkiverte nyhende
På denne sida finn du tidlegare posta nyhende frå den førre nettsida til Raudt Voss:
Raudt Voss på Facebook
Posta av bjarte
No kan du fylgja siste nytt frå Raudt Voss også frå Facebook
kontoen din. Raudt Voss er det fyrste politiske partiet på Voss med
eigen "fan-side". Om du vert tilhengjar her vil du få dei siste nyhenda
dsom nyhende på Facebook sida di. Du finn sida her,
du treng ikkje å vera medlem av partiet for å legge til Raudt Voss på
Facebook. Hugs også at Raudt Voss har eigen twitter konto som oppdaterer
deg i kortversjon om kva me til einkvar tid driv med. For å fylgja oss
via twitter er det berre å legga til @Raudt_voss.
Raudt takkar nei til seminar med den "kommunale elite"
Posta av bjarte
For vel 2
veker sidan fekk Raudt Voss invitasjon frå kommunen om å vera med på eit
internt seminar i høve budsjettprosessen i Voss kommune. Seminaret skal
haldast over 2 dager i Modalen kommune. Raudt Voss har teke ein
beslutning om å ikkje stille på dette seminaret. Me meiner at eit
seminar med overnatting for den kommunale eliten samstundes som det ser
ut som om kommunen går mot eit rekordstort underskot, vil gje feil
signaleffekt. Ein bør som folkevalgt gå foran som eit godt eksempel, og
heile tida hugse på kva for ein signaleffekt me sender våre overordna
(velgjarane våre).Raudt Voss ynskjer gjerne å bidra konstruktivt i høve å få på plass eit godt budsjett, men me er av den prinsippielle oppfatning av at ein før ein kutter ned på goder til dei med jobbar for, får me sjå på oss sjølv og pengebruken vår.
Vidare har Raudt bede om å få vite kor mykje dette seminaret koster Voss kommune, og kva for ein budsjettpost dette vert teke ifrå.
Soria Moria II
Posta
av bjarte

Regjeringa har no lagt fram si regjeringserklæring, og reaksjonane let ikkje vente på seg, for Soria Moria II er ikkje noko godt eventyr! Om det er eit eventyr så er det i beste fall eit eventyr for den beståande samfunnsstrukturen. Dei som har mykje skal framleis ha mykje, dei som har lite skal framleis måtte sloss for å få endane til å møtast. Det er som i filmverda, oppfølgaren er som oftast kjedeleg i forhold til originalen.
Les lokallagsleiaren sine umiddelbare reaksjonar her. Torstein Dahle sine reaksjonar finn du her.
Fylkesmannen einig med Raudt
Posta av bjarte
Fylkesmannen i Hordaland
kjem med innvendingar
i samband med kommunedelplan for Myrkdalen. . Fylkesmannen peiker på
mange av dei tinga Raudt tidlegare har trukket fram i saka, og då
særskilt konsekvensane for dyreliv og miljø. Planforslaget syner om lag
3400 nye fritidsbustadeiningar totalt, fordelt på fleire områder Vidare
er det lagt til rette for utviding av alpinanlegget med 5 nye skiheisar
og mange løyper. Raudt vil uansett kva dei andre partia måtte falle ned
på, gjera sitt for å minske skadeomfanget i denne saka.Les meir i leiars Blogg
Kommunen tek sjølvkritikk
Posta av bjarte
Etter
spørsmål frå Raudt Voss om kvifor ein enkel klagesak har teke snart 2 år
å få svar på, tok kommunen ved ordførar Aarvik sjølvkritikk i saka.Dei direkte spørsmåla ordføraren måtte gje svar på var:
-Er vanleg sakshandsamingsprossedyre vorte fulgt i denne saka?
-Når kan Rogne Burettslag forvente å få svar på klage dagsett 06.12.2007?
-Har Voss kommune opptrådt klandreverdig i denne saka?
Ordføraren innrømma at ting hadde tatt litt vel lang tid i denne saka, og at dei vanlege prossedyrane ikkje var fulgt. Svaret frå ordføraren kom etter ein interpellasjon frå Raudt i samband med ei ankesak frå Rogne Burettslag. Ordføraren kunne også oppgje at kommunen no ville freista å få fortgang i saka. I fylgje svaret frå ordføraren vil saka kome som eige sak til neste kommunestyremøte.
Du kan lesa meir om saka her.
Kommentarar:
0Stopp øydelegginga av Styve Gard

Stopp ødeleggelsen av Styve Gard, - Slik starter eit brev Torstein Dahle nyleg sendte til Anniken Huitfeldt. Bakgrunnen for brevet er at ansvaret innan sektoren dei siste åra i stor grad har vorte skjøvet over på stiftingar og ideelle organisasjoner, delvis også på rein bissniss. I brevet sitt skriv Torstein mellom anna "Det som nå skjer, er en tragedie, og det er en skandale at det er en rødgrønn regjering som gjennom en ødeleggende anbudspraksis river i stykker en del av det tilbudet som vi så sårt hadde trengt mye mer av."
Les heile brevet her
Brakval for Raudt i skulevalet
Raudt fekk 10,7% av røystene under skulevalet i Voss kommune, til samanlikning fekk forgjengaren RV 3,6% ved skulevalet ved førre stortingsval. Resultatet gjer at Raudt er det fjerde største partiet på Voss mellom ungdommen.
Sjå resultatet for Voss, samt enkeltskulane på Samfunnsveven.
Dette bør fungera som ei vitamininnsprøytning no i slutten på valkampen. Snakk med kjente og ukjente og fortel dei om alt det gode Torstein Dahle kan gjera på stortinget!
Valflesket florerar

I desse val-tider florerar valflesket i så og seie alle media. Det eine partiet etter det andre kjem med lovnader dei veit dei ikkje kan halde, noko som fører til at forrakten for politikarane aukar i takt med løgnen.
I kommunestyremøte på torsdag 03.09 tok gruppeleiar for Raudt, Bjarte Kaldestad, opp dette med ein litt humoristisk vinkling.
Les heile saka i avisa Hordaland.
Me treng trygge vegar i distrikta
Eg vert stadig minna på det
faktum at folk ofte er lite flinke til å sjekke fakta før dei går til
åtak på politikken til Raudt. Eg vil difor nytta høve til å klare opp i
nokre missforståingar. Nyleg vart eg konfrontert med ein kar som sa at
han aldri ville røysta raudt, då partiet ikkje hadde noko gjennomtenkt
politikk på samferdsel. Særleg framheva han at partiet ikkje såg dei
utfordringane ein stod ovanfor ute i distrikta.Sjølv så bur i eit område
som nok vert innlemma i begrepet distriktsnorge, og eg pendlar dagleg
til Sogndal som ligg 2 timer unna med bil. Her kjøyrer eg gjennom eit
område som er dårleg flaumsikra og mellom norges mest rasfarlege
områder, og det er ikkje sjeldan vegen er stengt. Raudt sitt fyrste
mål er å rassikre alle vegane så dei er trygge å ferdast på. Vidare må
alle riksvegar utvidast til gul midtstripe. For folk som er vane med
austlandsvegar høyres dette kanskje ikkje så storstilt ut, men faktum er
at medan austlendingane byggjer motorvegar inn og ut av byane sine,
slit me i distrikta med vegar der 2 biler ikkje kan møtast.Til dei som
trur at Raudt sin samferdselpolitikk er distrikstfiendtleg, les gjerne
denne artikkelen.
Eller les heile kapittelet om samferdsel her.
Lesarbrev frå ei verdskrise
Posta av bjarte
Nyliberalismens domene på det latinamerikanske kontinentet har etterlate fleire land i økonomiske og politiske mønster som det er vanskeleg å vidareutvikla seg frå. Frihandelsavtalar med mektige verdsøkonomiar, ugunstige konsesjonsavtaler med multinasjonale selskap, og korrupte makthavarar har tappa samfunna for naturrikdomar, og innbyggjarane har måtta sjå langt etter det utbytet mengda naturressursar gjev grunnlag for.
Les meir her.








