
Vedtekter
§
1 Namn og formål
-
Partiet
heiter Rødt/Raudt. Det samiske namnet er Ruoksat.
- Raudt
driv politisk arbeid på grunnlag av partiet sine program og
vedtekter.
§
2 Medlemene sine rettar og plikter
-
Alle som
godtar programmet og vedtektene til Raudt og som betaler
kontingenten, vert medlem i partiet.
- Eit
nytt medlem har rett til å få ei innføring i kva partiet står
for (program, vedtekter og partiarbeidet).
- Ein
må ha vore medlem i tre veker før ein får røysterett på årsmøte
ogr, nominasjonsmøter og før ein kan røyste ved val av delegatear
til slike møter ogeller
til landsmøtet i partiet.
- Medlemene
har rett til – gjennom ein grunnorganisasjon – å delta ved val
av delegatar til årsmøte og landsmøte og til sjølv å vere
delegat. Ingen kan binde korleis eit partimedlem skal røyste.
- Medlemene
har rett til å anke vedtak frå eit organ til eit høgare organ.
- Medlemene
har rett til å få rapportar om arbeidet til partileiinga og om
utviklinga i partiet som heile.
- Partiet
skal leggje til rette for at medlemene kan arbeide aktivt i lag.
Medlemene bør om mogleg delta i lagsarbeidet.
- Medlem
i Raudt kan ikkje samtidig væra medlem i anna norsk politisk parti.
- Medlem
i Raudt kan ikkje tilhøyra politisk forening/organisasjon som
motarbeider Raudt.<
§
3 Kontingent
-
Landsmøtet
fastset kor høg kontingenten er. Satsane skal graderast etter
inntekt. Medlemene vert oppfordra til å betale meir enn sats.
- Landsstyret
fastset reglar for innbetaling og kva verknad manglande innbetaling
har på medlemsrettane.
- Minst
halvdelen av kontingenten skal tilfalle grunn- og
fylkesorganisasjonane.
§
4 Organisasjonsprinsipp
-
Raudt skal
vere ein open organisasjon prega av gjensidig respekt, der usemje
vert verdsett og politikk vert utvikla i eit arbeidsfellesskap. Lag
og medlemer skal gjere usemjer kjent i partiet for slik å bidra til
politisk utvikling og eit reelt partidemokrati.
- Leiinga
på alle nivå har eit særskilt ansvar for at mindretalssyn vert
kjent og reelt handsama i partiet.
§
5 Grunnorganisasjon
-
Laget er den
viktigaste eininga i partiorganisasjonen. Laga gjer det konkrete
politiske arbeidet, diskuterer og utviklar ny politikk og vel
representantar til øvrige organ i partiet.
- Lag
kan organiserast rundt bustad, arbeidsstad, bransje eller
interessefelt. Alle medlemer tilhøyrer eit lag. Ein medlem kan
berre ha medlemsrettar i eitt lag som har rett til å velje
delegatar.
- Fylkesstyret
godkjenner nye lag. Der det ikkje finst fylkesstyre, godkjenner
landsstyret nye lag. Tvist om slik avgjerd kan ankast inn for
landsstyret og/eller landsmøtet.
- Eit
lag skal ha styre med minst leiar og økonomiansvarleg.
Fylkesstyret/landsstyret kan gjere unntak frå dette.
- Berre
lag kan velje delegatar til årsmøte i høgare organ og til
landsmøte. For å ha rett til å velje delegatar, må laget ha
minst tre medlemer og styre. To eller fleire lag kan velje å gå
saman om å velje delegatar
§
6 Kommuneorganisasjon
-
I kommunar
med berre eit lag er dette laget kommuneorganisasjon etter vallova.
- I
kommunar med fleire lag skal det vere eit styre som koordinerer
arbeidet. Om det høver best, kan eit slikt samordningsstyre dekke
fleire kommunar. Dette styret representerer partiet i kommunen etter
vallova. Styret kan bestå av representantar frå lagsstyra, eller
det kan veljast på møte av delegatar frå laga eller på felles
medlemsmøte (årsmøte) for heile kommunen. Valmåten vert fastset
i lokal vedtekt. Vedtekten vert første gong fastsett på felles
medlemsmøte.
- Det
skal vere minst eitt felles medlemsmøte i kommunen kvart år.
§
7 Fylkesorganisasjon
-
Det skal om
mogleg opprettast fylkesstyre i alle fylke. Fylkesstyret skal minst
bestå av leiar og økonomiansvarleg. Det representerer partiet i
fylket etter vallova.
- Om
det ikkje er lag i eit fylke, kan fylkesorganisasjonen vere
grunnorganisasjon også.
- Landsstyret
godkjenner oppretting av fylkesorganisasjon. Tvist om slik avgjerd
kan ankast inn for landsmøtet.
- Landsstyret
kan godkjenne oppretting av ei samisk avdeling av Raudt, og avgjer
om dette skal vere grunnorganisasjon eller fylkesorganisasjon eller
organiserast på anna vis.
§
8 Årsmøte
-
Årsmøte i
lag skal vere kvart år innan utgangen av februar. Det skal minst
handsame rekneskap og velje styre. Årsmøtet skal varslast seinast
ein månad før, og sakspapira skal vere hos medlemene seinast ei
veke før.
- Årsmøte
i fylkesorganisasjonane skal vere kvart år innan utgangen av mars.
Til fylkesårsmøte vel laga delegatar etter medlemstal. Anna
ordning kan fastsetjast i lokal vedtekt. Dato for årsmøtet og
delegatnøkkelen vert fastset av fylkesstyret og skal gjerast kjent
minst åtte veker før. Lag kan anke delegatnøkkelen inn for
partileiinga innan to veker etter kunngjeringa. Sakspapir til
fylkesårsmøte skal vere hos laga seinast to veker før møtet.
- Oslo
er å rekne som fylke i samband med desse reglane.
- Ekstraordinært
årsmøte i eit lag skal haldast om ein tredel av medlemene eller
ein tredel av styret krev det. Ekstraordinært årsmøte i eit fylke
skal haldast om ein tredel av laga eller ein tredel av styret krev
det.
§
9 Landsmøtet
-
Landsmøtet
er det høgste organet i Raudt. Det skal haldast innan utgangen av
mai minst annakvart år.
- Innkalling,
framlegg til dagsorden, delegatnøkkel og oversyn over
forslagsfrister for landsmøtet skal vere ute i laga minst 12 veker
før møtet. Sakspapir irekna alle innsendte framlegg skal vere
sendt delegatane seinast tre veker før landsmøtet.
- Landsmøtet
skal minst handsame melding og reviderte rekneskap for perioden og
handlingsplan og retningsliner for budsjett for komande periode.
Landsmøtet skal vidare velje partileiar, nestleiar(ar),
partisekretær, økonomiansvarleg,
landsstyre og arbeidsutval, samt revisor(ar). Funksjonane som er
valde direkte på landsmøtet, med unnatak av revisor, utgjer den
daglege partileiinga.
- For
at eit lag skal kunne sende delegatar på årsmøtet, må det vere
oppretta og godkjent innan 31. desember året før. Lag godkjent
seinare skal få sende observatør til møtet.
- Landsstyret
vedtar delegatnøkkel. Medlemstalet 1.januar i landsmøteåret ligg
til grunn. Alle lag som er godkjent etter § 5d, skal ha minst ein
delegat.
- Delegatane
vert valt med alminneleg fleirtal på lagsmøte (evt felles lagsmøte
for fleire lag), der datoen er varsla minst tre veker før.
- Berre
valte delegatar har røysterett på landsmøtet. Landstyret har
tale- og forslagsrett.
- Ekstraordinært
landsmøte skal haldast når ein tredel av laga krev det eller når
fylkesorganisasjonar/lag som representerer minst ein tredel av
medlemene, krev det.
§
10 Landsstyret
-
Landsstyret
leiar arbeidet mellom landsmøta innanfor rammer som går fram av
vedtekter, program og landsmøtevedtak.
- I
landsstyret skal ein freiste å få ein så brei geografisk
representasjon som mogleg. Minst ein av medlemene skal ha samisk
bakgrunn. Leiaren i ungdomsorganisasjonen og ein til utpeikt av
denne har fast plass i landsstyret med røysterett. Desse må vere
medlemer i partiet.
- Landsstyret
skal møtast minst tre gonger i året. Minst halvparten av medlemane
i landsstyret må vera til stades for at eit LS-møte skal vere
vedtaksdyktig. Vedtak i landsstyret kan ankast inn for landsmøtet.
- Landsmøtet
vel eit arbeidsutval blant medlemene i landsstyret. Når landsstyret
ikkje er samla, er arbeidsutvalet det høgste organet i Raudt.
Utvalet leiar det daglege arbeidet til organisasjonen i tråd med
retningsliner frå landsmøtet og landsstyret. Leiaren i
ungdomsorganisasjonen møter fast i arbeidsutvalet med røysterett.
Arbeidsutvalet er hovudstyre i Raudt. Minst halvparten av medlemane
i arbeidsutvalet må vera til stades for at eit AU-møte skal vere
vedtaksdyktig.
- Landsstyret
kan oppnemne utval som får politisk og praktisk ansvar for
særskilde felt.
§
11 Nominasjonar
-
Når det skal
stillast lister ved val til kommunestyre, skal det haldast
nominasjonsmøte med røysterett for alle medlemer som er busett i
kommunen. Nominasjonsmøtet kan delegere ferdigstilling av lista til
styret i kommunen. Punktet gjeld også for stortings- og
kommunevallista for Oslo.
- Dersom
det er direkte val til bydelsutval eller liknande, skal det gå fram
av lokal vedtekt korleis nominasjonen skjer.
- Når
det elles skal stillast lister ved val til Stortinget eller
fylkesting, skjer nominasjon på årsmøtet i fylkespartiet.
Ferdigstilling av lista kan delegerast til fylkesstyret.
- Landsstyret
fastsett reglar om nominasjon til sametingsvalet.
§
12 Kvotering
-
I alle organ
innanfor Raudt, ved val av delegatar og ved nominasjon til Raudt
sine vallister skal det vere minst 50 prosent kvinner. For å sikre
kvinner høgt opp på lister, bør minst annankvar kandidat vere
kvinne. Unntak frå dette kan gjerast ved vedtak i landsstyret eller
andre organ landsstyret gir slik myndigheit til.
- Ein
skal freiste å ha ein høg arbeidarandel i alle organ.
- I
skriftleg tilfang frå partiet sentralt (papir og nett) skal ein
freiste å ha ein høg nynorskandel. Landsstyret skal kvart år
vurdere situasjonen på feltet og drøfte kva tiltak som trengst.
Det skal finnast oppdatert informasjonsmateriell på samisk.
§
13 Disiplinærtiltak
Om
ein medlem skadar eller motarbeider Raudt eller bryt vedtektene, kan
grunnorganisasjonen eller landsstyret sette i verk disiplinærtiltak.
Desse er: åtvaring, tilbaketrekking frå verv, suspensjon eller
eksklusjon. Vedtak om disiplinærtiltak skal vere skriftleg med
grunngiving. Eksklusjon krev kvalifisert fleirtal, 2/3 av dei
stemmeberettiga på landsmøtet. Eksklusjon kan ankast til
landsstyret og/eller landsmøtet.
§
14 Rusmiddel
Møte
i regi av Raudt skal vere rusgiftfrie.
§
15 Økonomiske spørsmål
-
All offentleg
partistønad til Raudt (gruppe-, representant- og røystestøtte,
møtegodtgjersle m.m.) er Raudt sin kollektive eigedom. Stønaden
vert disponert av landsstyret til fordeling til lag, kommunar og
fylke og til drift av Raudt sentralt. Medlemer som får utbetalt
godtgjersle, pliktar å sende denne over til Raudt etter
retningsliner vedtatt av landsstyret.
- Raudt
løner sine tilsette etter prinsippet om likeløn. Dette gjeld både
kontortilsette og lønna tillitsvalde. Tilsette i Raudt har fri
organisasjonsrett og kan krevje tariffavtale og pensjonsavtale.
§16
Ungdomsorganisasjonen
-
Raud Ungdom
er ungdomsorganisasjonen til Raudt.
- Raud
Ungdom har rett på tre delegatar på Raudt sitt landsmøte. Desse
må vere medlemer i Raudt.
- I
distrikt og på felt der det finst parallell organisering, skal Raud
Ungdom inviterast til samarbeid med Raudt. Lokale vedtekter fastset
kva rettar dei har.
§
17 Oppløysing
-
Framlegg om å
oppløyse Raudt eller slå partiet saman med ein annan organisasjon
skal handsamast på to landsmøte med minst tre og høgst seks
månaders mellomrom. Det første av desse skal vere eit ordinært
landsmøte, og her krevst det 2/3 fleirtal for å gå vidare i
prosessen. Det andre er eit ekstraordinært landsmøte. Dette
stadfester eventuelt vedtaket om oppløysing eller samanslåing med
alminneleg fleirtal. Samstundes vedtar dette landsmøtet kva som
skal gjerast med partiet sin eigedom.
- Framlegg
om oppløysing kan berre kome frå organisasjonsledd i partiet eller
landsstyret. Det må vere innkomen til partikontoret seinast 31.
desember året før landsmøtet som først skal handsame det.
- Fylkes-
eller landsstyret kan oppløyse eller slå saman lag når det ikkje
lenger er medlemsgrunnlag for å oppretthalde dei. Medlemene i laget
har rett til å uttale seg på førehand. Fylkes- eller landsstyret
vedtar også kva som skal gjerast med eigedomen til laget.
§
18 Vedtekter og vedtak
-
Vedtak i Raudt
sine organ skal skje med alminneleg fleirtal, om ikkje vedtekt seier
noko anna. Om to framlegg får like mange røyster, er ingen av dei
vedtatt. Alminnelig flertall er flertall av avgitte røyster, uten å
telle med blanke eller avhaldende røyster.
- Om
det er ulike tolkingar av vedtektene, gjeld arbeidsutvalet si
forståing. Denne kan ankast inn for landsstyret, som skal handsame
saka ved første høve. Om det trengst rask avklaring, kan
telefonmøte eller liknande nyttast etter at alle partar har fått
lagt fram sitt syn skriftleg. Landsstyret si avgjerd kan ankast inn
for landsmøtet.
- Vedtektene
er juridisk bindande i tvistar som gjeld Raudt sin eigedom.
- Desse
vedtektene kan berre endrast på landsmøte. Endring krev
kvalifisert fleirtal, 2/3 av dei stemmeberettiga på landsmøtet.
Frist for å fremme forslag til endring av vedtektene er fire veker
før landsmøtet tar til. Landsmøtet kan berre gjere endringar som
heng direkte saman med framlegg som er sendt ut på førehand. Om
ikkje landsmøtet vedtar noko anna, trer vedtektsendring i kraft
straks.
- Lokale
og regionale organisasjonsledd kan ha eigne vedtekter. Desse må
ikkje bryte med dei sentrale vedtektene. Lokale vedtekter kan ankast
inn for landsstyret.