Rødt

Kvinnekamp

Me er leie av å måtte sjå føre oss eit liv som lågtlønte berre fordi me er kvinner. Me vert deprimerte når me ser i pornoblada og på Karl Johan at kvinnekroppen er ei salsvare. Me vert sinte når me høyrer om kvinner som ikkje kan reisa frå valdelege ektemenn av frykt for å verta sende ut av landet. Me vil ha revolusjon, men me vil òg ha kjønnsrettferd og eit betre kvinneparti no med ein gong.

Raudt vil slåss mot driten og urettferda ein møter som kvinne. Vil du vera med?

Sekstimarsdag

Lønsgapet mellom kvinner og menn aukar. Ei av årsakene er at menn jobbar lange dagar og får løn for det, medan kvinner jobbar deltid og brukar resten av tida på uløna omsorgsarbeid. Med sekstimars normalarbeidsdag kan me endra dette mønsteret.

Les meir om sekstimarsdagen her:

Framlegg om forsøk med sekstimarsdag (til kommunestyre):

Du finn og meir stoff om 6-timarsdagen i ekstranummer 3A 2005 av tidsskriftet Rødt! som i sin helhet er lagt ut på nettet.

Tidsklemma av Kjersti Ericsson Røde Fane nr 3a, 2004

Rett til asyl for kjønnsbasert forfølging og bort med treårsregelen

I fleire land risikerer kvinner livet om dei dreg frå ektemannen eller opponerer mot diskriminerande lover. Sjølv om kvinner formelt har rett til asyl for kjønnsbasert forfølging, vert det sjeldan gjeve. RV krev at retten til asyl for kjønnsbasert forfølging skal respekterast.

Dersom ein borgar frå eit anna land gifter seg med ein norsk statsborgar, må ekteskapet ha vara i tre år før ein kan få bli i Noreg om ein skil seg. Dette pressar mange kvinner til å bli verande i valdelege ekteskap med norske menn. RV vil ikkje ha lover som utset kvinner for vald. Bort med treårsregelen!

Lurer du på kva du kan gjera med desse sakene? Få tips i aksjonskokeboka

Hvorfor snakker vi om kvinnelønna?

Begrepet kvinnelønn bygger på at kvinner først og fremst lønnes som kjønn. Kvinner lønnes ikke bare lavere enn menn, men også likere. Uavhengig av yrke og utdanningsnivå og om de jobber i offentlig eller privat sektor slår det at de er kvinner gjennom i lønna.

I gjennomsnitt har yrkesaktive kvinner ca 85 % av menns lønn(1), og dette betyr at menn i snitt tjente 4000 kroner mer i måneden enn kvinner. Andelen har holdt seg omtrent på samme nivå siden 1998 mens kronebeløpet har økt.

Forskjellen i inntekt er enda større, kvinner hadde i 2007 ca 60 % av menns yrkesinntekt. Her er arbeidstid regnet med, og den lave andelen skyldes i hovedsak kvinners deltidsarbeid.

Tallene sier mye om fordelingen av penger og ressurser mellom kvinner og menn i vårt samfunn – og dermed tilgang til alt som kan kjøpes for penger: et sted å bo, god og sunn mat, helsetjenester, aviser, fritidsaktiviteter, ferie. Siden penger er makt, sier tallene også mye om maktforholdene.

For kvinner som har felles økonomi med mannlig samboer eller ektefelle, betyr det at de aller fleste er økonomisk avhengig av mannen for å opprettholde den levestandarden de har. I de aller fleste parforhold tjener menn mer enn kvinner.(2) Kvinner som lever alene eller er enestående forsørgere, har ofte vanskelig økonomi, og kvinner som bor sammen må klare seg på to lave inntekter.

Penger er makt både i det offentlige og det private rom. Lavtlønnsgrupper har lav status, og blir i liten grad hørt. Undersøkelser viser at arbeidet i hjemmet er likest fordelt der partene har likest lønn.

Les mer i heftet Kvinnelønna av Siri Jensen. Heftet kan bestilles i trykt utgave fra Rødts kontor, tlf. 22 98 90 50 eller raudt@raudt.no.

Last ned heftet som pdf-fil (547 KB)

Kvinnesamlingar

Det trengst fleire kvinner i Raudt, me som er her treng å møtast og Raudt må gjera kvinnene i partiet meir synlege. I Raudt Oslo vert det skipa til faste kvinnemøte ein laurdag i månaden. Kanskje fleire kan gjera det same?

Besøk? AU kjem gjerne på besøk til lokallag som arrangerer kvinnesamlingar, lagsmøte eller opne møte om feminisme og kvinnekamp. Send oss ein epost på raudt@raudt.no