Gratulerer med kvinnedagen!
Den internasjonale kvinnedagen 8. mars er hundre år i år. Nestleder og leder av kvinneutvalget i Rødt, Ingrid Baltzersen mener det er mange gode grunner til å opprettholde tradisjonen.
Se også oversikten over lokale
8. mars-arrangementer.
For hundre år sida vedtok den første internasjonale kvinnekonferansen, etter forslag frå Clara Zetkin, at 8. mars skulle bli internasjonal kvinnedag. I hundre år har kvinner over heile verda markert viktige kampsaker denne dagen, frå stemmerettskrav, motstand mot krig og krav om ei skikkelig lønn å leva av for kvinner.
I dag er det mange som seier at likestillinga er fullført, og at det ikkje er nokon vits i å gå i tog. Eller at det berre er dei andre som diskriminerer kvinner, ikkje norskætta nordmenn. Men sjølv om me oppnådde stemmerett i Noreg raskt etter den første 8.mars-markeringa, så er det mange av krava kvinnerørsla har stilt som framleis ikkje er oppnådd. Kvinner er framleis dei som er mest utsett i krig og konflikt, og dei siste åra har me sett fleire brutale angrepskrigar. Kvinner blir framleis diskriminerte i arbeidslivet. Grunnen kan vera at ein er gravid eller kanskje kan tenkjast å bli gravid, at ein går med sjal eller ein kan mistenkja at ein ønskjer å gå tildekka, eller fordi ein ikkje vil kle av seg så mykje som arbeidsinstruksen krevjar, på barar der uniforma er djup utringing. Kvinner har framleis ikkje ei lønn å leva av, sjølv om likelønn har blitt utreda av ulike kommisjonar i over 30 år.
Raudt gratulerer med kvinnedagen! Og oppfordrar til deltaking på lokale demonstrasjonstog og arrangement.
Oslo: Oppmøte kl. 18.00 på Youngstorget. Hovedtalar Gerd Kristiansen. Slagord for dagen: Nei til kvinnelønn – Spreng rammene – Likelønnspott nå! Arr: 8. mars-komiteen. Arrangementet på Facebook.
Bergen: Kvinnedagstog fra kl. 17.00 på Torgallmenningen.
Trondheim: Oppmøte kl. 17.00 på torget. Hovedtalar: Lisbet Normann, Norsk sykepleierforbund. Arr: 8. mars-komiteen.
Stavanger: Oppmøte i Byparken (ved Breiavatnet) kl. 18.00. Hovedtalar: Randi Reese, forbundsleiar i FO. Toget går kl. 18.30, og slutter ved Folkets Hus hvor det blir fest (gratis inngang).
Haugesund: Politiske appeller og musikk på Café Moody kl. 19.00.
Egersund: Samling på Haugen Kro kl. 20.00. Arrangementet på Facebook.
Drammen: Tog frå Torgeir Vraas plass (Globusgården) kl. 18.00. Hovudparole: Stans all kvinneundertrykking, for frigjøring av kvinnene! Hovudtalar: Jorun Gulbrandsen. Festmøte på 4. losjerad.
Kristiansand: 100-årsjubileumsfest for 8. mars. Kl. 18.00 på Kick Scene. Med bl.a Berit Ås.
Voss: Debatt om likestilling og kjønnsroller. Innleiar er doktorgradstipendiat Renate Lunde. Arrangør: Norsk Sjukepleiarforbund og Voss kommune. Arrangementet startar kl. 18.00 på Park Hotel.
Gjøvik: Rødt og RU arrangerer møte om sekstimers arbeidsdag. Innledning v/ Magnhild Folkvord. Kl. 19.00 på Arbeidersamfunnet.
Fredrikstad: Kvinnesaksforeningen arrangerer markering 8. mars, med hovedtaler Siri Martinsen fra LO og bla. annet appellanter fra Rød Ungdom. Kl. 18.00 - 20.00 ved Katti Anker Møller-statuen i biblioteksparken.
Bodø: Kvinnedagstog kl. 18.00 fra Torget til Internasjonalt senter som har eget arrangement der. På Torget blir det appell av Sofie Marhaug fra Rød Ungdom/Rødt.
Narvik: Narvik Soroptimistklubb (internasjonal kvinneforening som har rådgivende status for FN) arrangerer den internasjonale kvinnedagen på Nordstjernen Hotell kl. 19.00.
Publisert: , oppdatert:

