OBS!

Denne saken er flere år gammel. Innholdet kan være utdatert.

Israel må oppheva Gaza-blokaden!

Av: Ingrid Baltzersen, nestleiar i Raudt

Det trengst ein sterk, internasjonal opinion blant befolkningene i alle land, som kan pressa dei enkelte regjeringene til å krevja av Israel: Opphev blokaden!

Blokaden av Gaza er nesten total. Innbyggarane i Gaza er sperra inne bak murar, gjerde, piggtråd og kontrolltårn. Dei kan ikkje reisa ut av området, verken med bil, buss, båt eller fly. Eller flytta. Dei er beleira. Det manglar drivstoff, strøm og vatn. Fiskarane kan ikkje fiska fordi Israel har redusert fiskerigrensa og skyt på dei. Israel terroriserer befolkninga i Gaza.

Med utsvelting håpar Israel at palestinarane vil gje seg og godta okkupasjonen og angra på at dei stemte på Hamas ved parlamentsvalet i 2006. I 2008 sa Verdsbanken at 90 prosent av industrien i Gaza nedlagt eller stoppa fordi dei ikkje fekk råvarer eller moglegheiter til å eksportera. Eit mindretal av innbyggjarane har arbeid. Stor fattigdom rammar stadig fleire. Det er lite mat å få tak i. Til og med brød må folk stå i kø i mange timar for å få. Det blir stadig fleire underernærte born. Slik var situasjonen i Gaza før Israel starta bombinga 27. desember 2008.

Fagforeiningar og enkeltpersonar: Krev at den norske regjeringa gjer meir i praksis, for å få Israel til å oppheva beleiringa! Regjeringa uttaler at humanitær hjelp må få komma inn i Gaza. Men dei synst det blir for vanskeleg å støtta tiltak som kan bidra til å tvinga Israel til å høyra på FN som seier «opphev blokaden øyeblikkelig». Forsknings- og høgare utdannings- minister Tora Aasland fraråda til og med styret ved NTNU å vedta akademisk og kulturell boikott av Israel – og fekk det som ho ville.

Raudt oppfordrar fagforeiningar og enkeltpersonar om å styrka arbeidet for Palestina og palestinarane. Bli med i Palestinakomiteen, ikkje kjøp israelske varer, fortsett kampen for akademisk og kulturell boikott av Israel, bli med i den norske kampanja for båten til The Free Gaza Movement. Denne aksjonen har fleire gonger klart å ta seg inn i Gaza sjøvegen – og oppmuntrande brote beleiringa.