OBS!

Denne saken er flere år gammel. Innholdet kan være utdatert.

- Trekk statens investeringar ut av koboltgruvane i Kongo

Gjennom Statens Pensjonsfond Utland («oljefondet») er Noreg medeigar i kongolesisk gruveindustri.

«Den kongolesiske gruveindustrien er verdskjent for å øydelegga menneskeliv, både direkte gjennom gruvedriften, og indirekte gjennom dei væpna konfliktane om kontroll over minerala», skriv Raudts nestleiar Ingrid Baltzersen i eit brev til finansminister Kristin Halvorsen.

Baltzersen fortsetter:

«Den norske staten er gjennom Statens Pensjonsfond Utland medeigar i selskapa Fungurume Mining og Umicore. Forbrukerinspektørene på NRK1 dokumenterte i gårsdagens sending umenneskelege forhold for barnearbeidarar og andre arbeiderar i desse selskapa sin drift i Kongo.»

SE DOKUMENTAREN TIL FORBRUKERINSPEKTØRENE

Baltzersen meiner at det er uakseptabelt at den norske staten er medprofitør på slik verksemd.

«Me oppfordrar difor deg til straks å ta dei beslutningar som trengst for å få avvikla statlege investeringar i selskap som har tilknytning til koboltutvinnga i Kongo som blei skildra i dette tv-programmet.»

BREVET FRÅ BALTZERSEN TIL FINANSMINISTEREN (PDF)


For ytterlegare kommentar:
Kontakt Ingrid Baltzersen, nestleiar i Raudt (telefon 988 76 578)