OBS!
Denne saken er flere år gammel. Innholdet kan være utdatert.
Nepalsk minister møtte Rødt
Pampha Bhusal, velferds- og barneminister i Nepal og sentralkomitemedlem i Communist Party Nepal (maoist), møtte fredag Mari Eifring (leiar RU), Ingrid Baltzersen (nestleiar Raudt), Jorun Gulbrandsen (redaktør Rødt Nytt) og Johan Petter Andresen (redaksjonsmedlem i Rødt Nytt og aktiv i Helselag for Nepal). Bhusal var i Noreg som deltakar på eit fredsmeklingsseminar arrangert av UD.
Ministeren oppdaterte Raudt og RU på den aktuelle politiske situasjonen i Nepal, spesielt om utviklinga i kvinnekampen. Etter langvarig folkekrig har kommunistpartiet innstilt den militære kampen, fordi dei var sterke nok til å gjera det. Dei har inngått våpenkvile med kreftene som dei prøver å få med på ein antiføydal revolusjon. Dei driv kontinuerleg styrkinng av organisasjonar der dei har stor innflytelse.
Maoistane i Nepal jobbar heile tida med styrking av vanlige folks organisasjonar og styrking av demokratiet, med demokratiske val til ei grunnlovgjevande forsamling som hovudmålet. Dette blei oppnådd den 10. april 2008, då maoistane fekk 38 prosent av setene i den grunnlovsgjevande forsamlinga, og blei det største partiet. I dette valet var det kvotering av kvinner, lavkaste og tilbakeliggande regionar, dette har vore viktige krav frå maoistane. Kvoteringa fekk resultat, det er no 33 prosen kvinner og åtte prosent lavkaste i forsamlinga.
Nepal står foran store utfordringar. Valkampanja til CPN (m) viser dei store oppgåvene, der blei det lagt vekt på elektrifisering, sjukehus, jernbane, gondolbanar osb. Pampha Bhusal la i møtet spesielt vekt på utdanning, dei har planar om å innføra gratis grunnutdanning og fri rett til universitetsutdanning. Å gje grunnutdanning også for jenter vil vera eit viktig verkemiddel for å visa at jenter også er menneske med grunnleggande behov og rettar.
For til syvande og siste dreier den politiske kampen seg om kvardagen til vanlege folk gjennom utvikling av produktivkreftene og folkeleg organisering og kontroll av samfunnet. Dette er ikkje berre valflesk – dette er meninga med revolusjonen – eit betre liv for vanlege folk, som berre kan oppnås når vanlege folk har makta.