Rødt

Raudt Hordaland

Nyheter

Budsjettkommentar frå Raudt Odda

Av: Terje Kollbotn, gruppeleiar Raudt Odda

Over mange år har budsjettkameratane i AP, H og SP i Odda løyvd fleire titals millionar frå kommunekassa i tilskot og forskottering til riksvegar. Dei har brukt millionar på eksterne konsulentar til mislukka omstillingsprosjekt i kommunen.

Les mer

– Utsett budsjetthandsaminga til etter kapitalismens fall

Under handsaminga av budsjettet i Voss kommunestyre 10. desember fremma Raudt-representant Bjarte Kaldestad følgjande utsetjingsframlegg:

«Budsjetthandsaminga i Voss kommune vert utsett til etter kapitalismens fall».

Les meir om budsjetthandsaminga på bloggen til Bjarte Kaldestad.

For ein restrektiv småkraftverksplan

Under fylkestingsmøtet 8. desember sette Raudts gruppeleiar Dijana M. Saga fram forslag om at fylkesdelplanen for små vasskraftverk vart endra i samsvar med forslaget frå Naturvernforbundet i Hordaland sitt høyringsbrev frå 1. juli 2009.

Les mer

Mot digitale læremidler som sparetiltak

Under fylkestingsmøtet i dag fremmet Rødts gruppeleder Dijana Milicevic Saga forslag om å ikke bruke digitalisering i den videregående skolen som et sparetiltak. Forslaget ble til slutt enstemmig oversendt helse Opplærings- og helseutvalet.

Les mer

Ja til offentleg finansiering av samferdsel

- Som prinsipiell motstandar av bompengar er Raudt skuffa over at dei fleste lokalpolitikarane på Askøy no er for gjeninnføring, seier Inge Abrahamsen. Les innlegget her.

Politisk verkstad om fylkesbudsjettet 2010

I samband med fylkeskommunens årsbudsjett 2010 ønskjer Raudt Horalands fylkestingsgruppe innspel frå organisasjonar og enkeltpersonar. Innespela kan sendast til e-post hordaland@raudt.no eller Pb. 992, 5808 Bergen. 

Tysdag 17. november kl.16.30 arrangerer fylkestingsgruppa ein open politisk verkstad der hovudsakleg opplæringsdelen av budsjettet blir drøfta med sikte på å utforme konkrete forslag og utspel. Møtet finn stad på Raudts kontorer i Vestre Torggate 6, 2. etg.