Rødt

Raudt Hordaland

Forslag om Israel-boikott

Foto: Magne Hagesæter
Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse (by-nc-nd)

I både Voss og Odda fremmer Raudt-representantar interpellasjonar som krev boikott av Israel og oppretting av venskapsamband med Gaza. Interpellasjonane skal opp til handsaming i begge kommunestyra 16. juni.

Her er interpellasjonen frå Raudt Odda: 

Store deler av verda har reagert med avsky pa den israelske militaraksjonen 31. mai, da skip fra den internasjonale fredsflaten "Freedom Flotilla" vart borda i internasjonalt farvatn.
Stadig fleire reagerer og pa Israels langvarige okkupasjon av Gaza og Vestbreidden og blokaden av Gaza.

I Odda har det i over 30 år, ikkje minst innan fagrorsla, vore vist støtte for palestinarane si sak.

Kommunestyra i Tromso og Hamar har vist veg når det gjeld solidaritet med a opprette vannskapssamband med Gaza by.

Sidan den norske regjeringa framleis er nølande med sanksjonar mot Israel, bor det tas lokale initiativ.

Vil ordføraren i Odda stø fylgjande framlegg:

  • Odda kommunestyre reagerer med avsky på den israelske blokaden av Gaza og den militære aksjonen mot fredsflåten 31.mai.
  • Odda kommunestyre tar med dette initiativ til å opprette vanskapsamband med Gaza og oppmode til lokal boikott av israelske varer til blokaden av Gaza er heva.

Interpellasjonen frå Raudt Voss er likelydande.

Les også om Raudts nasjonale boikott Israel-kampanje.

Publisert: , oppdatert: