Slepp laus den frie kulturen på Askøy
Av: Inge Abrahamsen, Rødt Askøy
Mangfaldet innanfor den frie og uavhengige kulturen er kanskje den største rikdommen vi har på Askøy i dag. Innanfor musikk, biletekunst, landskap, historie, litteratur, språk, teikneseriar, teater, standup, humor, idrett og ein rekkje andre områder finst det både kjende og ukjende aktørar, utøvarar og forkjemparar.
Kultur kan ha mange tydingar og uttrykk. Felles for desse uttrykka er at dei viser menneskeleg aktivitet i lokalsamfunnet vårt av stor verdi.
I skrivande stund blir Ribozyme frå Askøy presentert som Noregs beste band på NRK p3. Dei er gjester i programmet Pyro i beste sendetid, til tross for at dei har valt å halde fast på ein alternativ hardrock som få kommersielle aktørar ville satsa pengar på. – Vi er ikkje frå Bergen, men Askøy, er det første dei seier i starten av intervjuet. Dei pratar om Lost Weekend, om korleis denne festivalen, som har sprunge ut av det uavhengige musikkmiljøet i kommunen, har gjort det mogleg for dei og andre lokale unge band å vise seg fram. Diverre har ikkje dei mørkeblå lokalpolitikarane sett den same verdien av dette i budsjettet for i år. Dei har ganske enkelt fjerna all stønad til dugnadsfestivalen som fyller 10 år, og som ønskjer å blitt kvitt gjelda si for å kunne gje overskotet sitt tilbake til kulturen på Askøy.
Idealistane som kvart år stiller opp på dugnad til Lost Weekend, den pågåande måldebatten i nord, dei som er oppteken av historiske hendingar på Askøy, så vel som Datarock som kjem heim for å ha konsert på ein ledig dag, mens dei eigentleg turnerar rundt i verda, viser kor sterkt kulturen er knytt til felles identitet for innbyggjarane i kommunen.
Då eg førre helg vitja Kulturlogen, eit nystarta samlingspunkt for det frie kulturlivet på Askøy, møtte eg mange uorganiserte kunstnarar i ulike aldrar, men med eit felles engasjement for kultur. Dei ville samlast for å stimulere til aktivitet, utvikle ungdomskultur og vere ein del av eit fellesskap. Raudt Askøy meiner at eit slikt ope kulturinitiativ forten all den positive merksemda og stønaden det kan få.
Om det blir lagt til rette for at Kulturlogen får utvikle seg, vil moglegheitene vere mange og verdifulle for lokalsamfunnet vårt. I form av alt frå førebygging av negative ungdoms- og rusmiljø til nyttige workshops og øvingslokalar, synleggjering av kultur, stønadsordningar og fellesskap, er dette eit rikt initiativ. Ja, tenk om eit slikt tiltak kunne stimulert til eit folkeleg og fleirkulturelt fellesskap, der også minoritetar kunne få dele sin kunst og kultur med lokale utøvarar.
Initiativtakarane til dette strålande engasjementet har bede om innspel. Så neste gong vonar eg folk og lokalpolitikarar kjem for å høyre, sjå og gjere det. Raudt sitt første innspel etter å ha vore der er: Sats også på innvandrar- og minoritetskultur, gjerne i lag med lokale kunstnarar, for eit inkluderande Askøy!
Inge Abrahamsen
Rødt Askøy
Innlegget sto på trykk i Askøyværingen 26.01.2010
Publisert: , oppdatert:

